Utsyn over Deccantrappene frå Matheran i Maharashtra i India
Deccantrappene som ein mørkelila flekk i India på eit geologisk verdskart.
Deccantrappene nær Matheran, aust for Mumbai.
Deccantrappene nær Pune

Deccantrappene er eit stort område av vulkanske bergartar på Deccanplatået i vestlege sentrale India (mellom 17°-24°N, 73°-74°E) og eit av de største vulkanske områda på jorda. Trappene består av fleire lag stivna basalt som saman målar over 2 000 meter i høgd, dekkjer ei yte av 500 000 kvadratkilometer og utgjer eit volum på 512 000 kubikkkilometer. Nemninga «trapper» viser til dei trappliknande åsane som kjenneteikner regionen.

HistorieEndra

Deccantrappene blei danna gjennom ei rekkje vulkanutbrot for mellom 60 og 68 millionar år sidan[1] i slutten av krittida. Dei fleste vulkanutbrota fann stad ved Dei vestlege Ghatfjella (nær Mumbai) for 65 millionar år sidan. Denne meir intensive rekkja utbrot kan ha vara i mindre enn 30 000 år.[2]

Den opphavlege yta som blei dekt av lavaflaumane blir rekna for å ha vore så stor som 1,5 millionar kvadratkilometer, cirka halvdelen av yta til det moderne landet India. Seinare blei Deccantrappene reduserte til den noverande utstrekkinga si gjennom erosjon og platetektonikk. Den noverande utbreiinga av direkte synlege lavastein er på kring 512 000 kvadratkilometer.

Effekt på klima og miljøEndra

Utsleppet av vulkanske gassar, særleg svoveldioksid, under danninga av trappene bidrog til klimaendringar. Tilgjengelege data peikar på ein gjennomsnittleg temperaturreduksjon på 2 grader C i denne perioden.[3]

På grunn av storleiken til området har forskarar spekulert i om gassane som slapp ut då Deccantrappane blei danna spela ei rolle i krit-tertiær-utryddinga, som inkluderte massutdøyinga av dei store dinosaurane. Ei plutseleg avkjøling av jordoverflata på grunn av svovelhaldige vulkanske gassar kan ha bidratt til denne massedøden. I dag er likevel dei fleste forskarar samde om at masseutryddinga var forårsaka av meteorittnedslaget i Chicxulub i Mellom-Amerika, som skal ha produsert ei solblokkerande støvsky som førte til ein nedgang i den globale temperaturen.[4]

Kjemisk samansetjingEndra

I Deccantrappene er minst 95 % av lavaen danna av tholeiitisk basalt, men det finst òg andre bergartar, som:

Xenolittar frå mantelen er blitt skildra i Kachchh (nordvestlege India) og i vestlege Deccan.

FossilEndra

Deccantrappene er kjende for fossilsenger som er blitt funne mellom lavalaga. Særleg kjende artar er frosken Oxyglossus pusillus (Owen) frå indisk eocen og tannfrosken Indobatrachus, ei tidleg slekt av moderne froskar som i dag er plassert i den australske familien Myobatrachidae. Det finst også fossil av ferskvassmuslingar.[5][6][7]

KjelderEndra

  1. Sheth, Hetu C. "The Deccan Beyond the Plume Hypothesis." MantlePlumes.org, 2006.
  2. "India's Smoking Gun: Dino-killing Eruptions." ScienceDaily, 10 August 2005.
  3. Royer, D. L., Berner, R. A., Montañez, I. P., Tabor, N. J., Beerling, D. J., 2004, "CO2 as a primary driver of Phanerozoic climate", GSA Today, v. 14, pp.4-10, ISSN 1052-5173
  4. Schulte, Peter (5 March 2010). «The Chicxulub Asteroid Impact and Mass Extinction at the Cretaceous-Paleogene Boundary». Science (AAAS) 327 (5970): 1214–1218. Bibcode:2010Sci...327.1214S. ISSN 1095-9203. PMID 20203042. doi:10.1126/science.1177265. Henta 5. mars 2010. 
  5. Noble, Gladwyn Kingsley, "The Fossil Frogs of the Intertrappean Beds of Bombay, India." American Museum of Natural History, Volume 401, 1930.
  6. http://tolweb.org/Myobatrachinae/16946
  7. Hartman, J.H., Mohabey, D.M., Bingle, M., Scholz, H., Bajpai, S., and Sharma, R., 2006, Initial survivorship of nonmarine molluscan faunas in end-Cretaceous Deccan intertrappean strata, India: Geological Society of America (annual meeting, Philadelphia) Abstracts with Programs, v. 38, no. 7, p. 143.