Deccanplatået er eit stort fjellplatå som dekker store delar av Sentral- og Sør-India. Platået har ei gjennomsnittshøgd på 500 moh. med variasjonar mellom 450 og 750 moh. Det er avgrensa i aust og vest av to fjellkjede, dei austre og dei vestre ghatane. Namnet «Deccan» kjem frå prakrit dakkhin som tyder sør.

Deccanplatået.

Deccan dekker store delar av delstatane Andhra Pradesh, Karnataka, Telangana og Maharashtra.[1] Det går også inn i Kerala og Tamil Nadu. Paltået dannar ei naturleg grense mellom Nord- og Sør-India, og størstedelen av folka som bur her talar dravidiske språk (i motsetning til indoeuropeiske språk i nord).

Den nordvestlege delen av platået er danna av lava- eller magmatiske bergartar kjende som Deccantrappene. Det er skild frå Gangessletta i nord av Satpura- og Vindhyafjella.

Kjelder endre

  1. «The Deccan Plateau». rainwaterharvesting.org. Henta 5. januar 2007. 
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.