December’s Children (And Everybody’s)
December's Children (And Everybody's) Studioalbum av The Rolling Stones | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 4. desember 1965 | |
Innspelt | 5.–6. september 1965, bortsett frå «You Better Move On»: 8. august 1963, «Look What You’ve Done»: 11. juni 1964, «Route 66» og «I’m Moving On»: 5.–7. mars 1965 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 29:04 | |
Selskap | London | |
Produsent | Andrew Loog Oldham | |
Amerikansk The Rolling Stones-kronologi | ||
---|---|---|
Out of Our Heads (1965) |
December's Children (And Everybody's) | Aftermath (1966) |
Singlar frå December's Children (And Everybody's) |
||
|
December's Children (and Everybody's) er det femte amerikanske studioalbumet til The Rolling Stones, gjeve ut i desember 1965. Sjølv om det hovudsakleg består av songar som vart gjevne ut tidlegare det året i Storbritannia, har det òg tre songar som ikkje var gjevne ut før. Det var det siste av dei tidlege albuma til gruppa som hovudsakleg består av songar skrivne av andre enn Mick Jagger og Keith Richards, som skreiv halvparten av songane. Det meste av albumet vart spelt inn i september 1965 i Los Angeles, under innspelinga av den britiske utgåva av Out of Our Heads og den nye singelen «Get Off of My Cloud». December’s Children (And Everybody’s) inneheld òg innspelingar frå så tidleg som 1963.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
The Rolling Stone Album Guide | [2] |
December's Children (And Everybody's) nådde fjerdeplassen i USA, der det selde til gullplate..[3] Bassisten Bill Wyman siterte Jagger som i 1968 skal ha sagt at plata «ikkje er eit album, berre ei samling av songar». Albumet får derfor berre kort omtale i boka til Wyman, Rolling with the Stones, som elles er omfattande om kvart album.
I august 2002 kom albumet ut på nymastra CD og SACD av ABKCO Records. «Look What You've Done» er den einaste innspelinga på albumet som vart gjeven ut i sann stereo.
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Original utgjeving | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «She Said Yeah» | Sonny Bono, Roddy Jackson | Out of Our Heads (britisk) | 1:30 |
2. | «Talkin' About You» | Chuck Berry | Out of Our Heads (britisk) | 2:30 |
3. | «You Better Move On» | Arthur Alexander | The Rolling Stones EP (britisk) | 2:37 |
4. | «Look What You've Done» | Muddy Waters | December's Children | 2:33 |
5. | «The Singer Not the Song» | Jagger/Richards | B-side til «Get Off of My Cloud» (britisk) | 2:22 |
6. | «Route 66» | Bobby Troup | Got Live If You Want It! (britisk EP) | 2:29 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Original utgjeving | Lengd |
---|---|---|---|---|
7. | «Get Off of My Cloud» | Jagger/Richards | single (USA) | 2:52 |
8. | «I'm Free» | Jagger/Richards | Out of Our Heads (britisk) | 2:17 |
9. | «As Tears Go By» | Jagger/Richards, Andrew Loog Oldham | December's Children | 2:45 |
10. | «Gotta Get Away» | Jagger/Richards | Out of Our Heads (britisk) | 2:03 |
11. | «Blue Turns to Grey» | Jagger/Richards | December's Children | 2:27 |
12. | «I'm Moving On» | Hank Snow | Got Live If You Want It! (britisk EP) | 2:12 |
Medverkande
endreThe Rolling Stones
- Mick Jagger – solovokal (alle spor), korvokal (1, 2, 7, 8, 10, 11), tamburin (10)
- Keith Richards – elektrisk gitar (alle utanom 9), korvokal (1, 2, 5-8, 10-12), akustisk gitar (5, 9)
- Brian Jones – elektrisk gitar (1, 2, 5-8, 11), munnspel (4, 12), akustisk gitar (3), orgel (8), elektrisk piano (7), korvokal (3)
- Bill Wyman – bassgitar (alle utanom 9), korvokal (3)
- Charlie Watts – trommer (alle utanom 9)
Andre medverkande
- Ian Stewart – piano (2, 4, 7)
- Mike Leander – strykearrangement (9)
Salslister
endreVekeslister
endreÅr | Liste | Plassering |
---|---|---|
1966 | Billboard 200[4] | 4 |
Singles
endreÅr | Single | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1965 | «Get Off of My Cloud» | Billboard Hot 100[4] | 1 |
1966 | «As Tears Go By» | Billboard Hot 100[4] | 6 |
Salstrofé
endreCountry | Provider | Salstrofé |
---|---|---|
USA | RIAA | Gull |
Kjelder
endre- ↑ Allmusic review
- ↑ «The Rolling Stones: Album Guide - Rolling Stone Music». archive.org. 12. april 2011. Arkivert frå originalen 12. april 2011.
- ↑ «Gold & Platinum - RIAA». riaa.com.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 http://www.allmusic.com/artist/p5298/charts-awards/billboard-albums
- Denne artikkelen bygger på «December's Children (And Everybody's)» frå Wikipedia på engelsk, den 24. februar 2009.