Muddy Waters
McKinley Morganfield, meir kjend under artistnamnet Muddy Waters (4. april 1913–30. april 1983), var ein USA-amerikansk blues-musikar. Han var først og fremst gitarist og songar, men òg arrangør. Waters spela ei viktig rolle for uviklinga av den elektriske bluesmusikken, og vert ofte rekna som far til Chicago-bluesen. Waters har vore ei viktig inspirasjonskjelde for mange artistar, mellom andre The Rolling Stones, som tok namn etter Waters-låten Rollin' Stone (1950), AC/DC og heile den britiske beat-rørsla på 1960-talet.
Muddy Waters | |||
Muddy Waters i Toronto, Kanada, 1971. | |||
Fødd | 4. april 1913 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Issaquena County i Mississippi i USA | ||
Død | 30. april 1983 (70 år) | ||
Dødsstad | Westmont i Illinois i USA | ||
Fødenamn | McKinley Morgelfield | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1941–1982 | ||
Sjanger | Blues, Chicagoblues, countryblues, deltablues, elektrisk blues, R&B, rock[1] | ||
Instrument | Vokal, gitar, munnspel | ||
Kjende instrument | Gibson Les Paul Fender Telecaster | ||
Plateselskap | Aristocrat, Chess, Testament | ||
Verka som | Songar, låtskrivar, gitarist, bandleiar | ||
Born | Mud Morganfield, Big Bill Morganfield | ||
Prisar | Grammy Lifetime Achievement Award, Rock and Roll Hall of Fame |
Biografi
endreYngre år
endreWaters vart fødd i Jug's Corner i Issaquena County i delstaten Mississippi. Mor hans døydde i 1918, deretter tok mormora Della Grant hand om honom. Tilnamnet Muddy fekk han tidleg, då han var så glad i å leike i leira. Seinare la han til Water, og til sist Waters som artistnamn.[2]
Musikanten Waters spela til å byrje med på munnspel, men då han var sytten opptredde han på lokale festar med gitarmusikk av framfor alt Son House og Robert Johnson, to samtidige og mykje populære bluesartistar i dei USA-amerikanske sørstatane.
Tidleg musikkliv
endreI 1940 flytta Waters til Chicago, der han spela med mellom andre Silas Green. Han vart verande ei tid, til dess han vende sørover til Stovall i delstaten Mississippi og opna ein «juke joint», eit lokale med bar, spel, musikk og dans, der han òg opptredde. Sommaren 1941 reiste musikksamlaren Alan Lomax rundt og spela inn bluesmusikk, på oppdrag for det USA-amerikanske kongressbiblioteket. I Stovall trefte han Waters og spela inn ei plate i heimen hans. Året etter kom Lomax tilbake og spela inn fleire låtar med Waters.
Waters flytta i 1943 til Chicago med håp om å verte heiltidsmusikar. Gjennombrotet i så måte kom då ein av dei då fremste bluesartistane i Chicago, 'Big Bill Broonzy', let Waters få speletid på hans klubbspelingar. I 1945 fekk Waters sin første elgitar av ein morbror, noko som gjorde at han lettare kunne høyrast i all støyen på klubbar der han spela. Same året byrja han spele inn låtar for det då nystarta plateselskapet Aristocrat. Han slo gjennom som regional musikkartist i 1948 med låtane «I Can't Be Satisfied» og «I Feel Like Going Home», og var deretter eitt eige namn på klubbscena i Chicago. Seinare skifta plateselskapet namn til Chess Records, eit selskap som i 1950 gav ut Waters signaturlåt, «Rollin' Stone», ein song som vart ein stor hit.
Etablert musikar
endreI 1952 spela Waters inn plater med musikarar som 'Little Walter Jacobs' på munnspel, Jimmy Rogers på gitar, 'Elga «Elgin Evans» Edmonds' på trommer, Otis Spann på piano, og Big Crawford på bass; sjølv song han og spela gitar. Gruppa spela inn ein rad kjende bluesmelodiar gjennom dei tidlege 1950-åra: «Hoochie Coochie Man», «I Just Want to Make Love to You» og «I'm Ready». Waters vart ein leiande representant for bluesmusikk utgått frå Chicago. Både kunstnarisk og kommersielt nådde han ein topp kringom 1954-55.
Waters reiste på turne i England i 1958, der han overraska publikum med tunge rytmer og høglytt gitarspel.
På 1970-talet spela Waters saman med musikarar som gitaristen Johnny Winter, munnspelaren James Cotton og folkrock-gruppa The Band.
Ein kreftsjuk Muddy Waters døydde i 1983 i Westmont i DuPage County i delstaten Illinois.
Diskografi
endre
|
|
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Muddy Waters» frå Wikipedia på svensk, den 4. april 2013.
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene:
- Delvis omsett frå engelska Wikipedia
- Can't Be Satisfied: The Life and Times of Muddy Waters av Robert Gordon, 2002, 432 pp. ISBN 0-316-32849-9
- Muddy Waters: The Mojo Man av Sandra B. Tooze, 1997, 383 pp. ISBN 1-55022-296-1
- Muddy Waters: Deep Blues av Muddy Waters, 1995, 183 pp. ISBN 0-7935-0955-6
- Muddy Waters: Deep Blues and Good News av Dave Rubin, Muddy Waters ISBN 0-7935-6501-4
- Bossmen: Bill Monroe and Muddy Waters av James R. Rooney, 1991, 163 pp. ISBN 0-306-80427-1
Notar
endre- ↑ Dahl, Bill. «Muddy Waters». Allmusic. Henta 3 July 2012.
- ↑ Gordon p. 9