Deformasjon i meteorologi

Deformasjon i meteorologi er endringsraten til forma på ein væskelekam. Storleiken er særs viktig i danninga av frontar, i utforminga av skyer og i diffusjon av stoff og eigenskapar.[1]

Likningar endre

Deformasjon av horisontal vind er definert som  , der   og  , representerer dei deriverte av vindkomponentane. Sidan desse deriverte varierer stort med rotasjonen til koordinatsystemet, så vil   og   gjere det same.[1]

Strekkingsretning endre

Deformasjonselementa   og   (over) kan nyttast til å finne retninga til utvidingsaksen, altså linja som elementa strekkjer seg langs (òg kalla strekkingsretninga). Fleire straummønster er kjenneteikna ved stor deformasjon: konfluens, diffluens og skjerstraum. Konfluens, òg kjend som strekking, er ei forlenging av eit væskeelement langs straumeretninga (straumlinjene konvergerer), medan diffluens, òg kjend som skjerdanning, er ei forlenging av væskeelementet normalt på straumretninga (straumlinje divergens).[1]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Djurić, D: "Weather Analysis". Prentice Hall, 1994. ISBN 0-13-501149-3.