Degenerert tilstand

Degenerert tilstand i kvantefysikken er to eller fleire stasjonære tilstandar med samanfallande energi. Normalt er kvar energitilstand karakterisert ved eit særskild sett av kvantetal, og degenererte tilstandar er tilstandar der energien er uavhengig av verdien til eit eller fleire av kvantetala.

Degenerasjonen kan ofte opphevast ved ytre påverknad, til dømes når eit atom vert plassert i eit ytre magnetfelt. Eit atom i ein særskild rotasjons- eller spinntilstand vil ha same rotasjonsenergi uansett kva veg rotasjonsaksen eller spinnvektor J peikar. I følgje kvantemekanikken kan ein spinnvektor berre innstille seg i særskilde retningar i forhold til ein vald akse. Retninga karakteriserast ved eit magnetisk kvantetal M. Normalt er energien då ikkje avhengig av M, det vil sei tilstanden er degenerert i M. Når atomet vert plassert i magnetfeltet, vil energien avhenge av kva retning J har i forhold til magnetfeltet, altså av M, og degenerasjonen er oppheva.

Kjelder endre