Vektor er eit omgrep i matematikk og fysikk som har både mengde og retning, ulikt omgrepet skalar. Ordet har latinsk opphav og tyder berar.

Ein vektor som går frå A til B

Ein vektor er eigentleg eit 2- eller 3-tuppel, som kan illustrerast ved å tenkje seg ei pil med lengde og retning i xy-planet eller xyz-rommet. Ein vektor [a, b, c] i rommet har same lengde og retning som ei pil frå origo til punktet (x, y, z). Ein vektor i matematikken har inga plassering. Han kan plasserast kor som helst i rommet (planet), så lenge han beheld same retning og lengde.

I matematikk og fysikk skil ein mellom storleikar som er skalare og storleikar som vert oppgitt som vektorar. Døme på skalare storleikar er tid, masse, ladning. Dette er storleikar som ikkje har nokon retning, i motsetnad til storleikar som fart og kraft, der ein ikkje berre treng å vite kor stor ei kraft eller en fart er, men òg i kva retning krafta verkar eller farten til lekamen går.

Spire Denne matematikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.