Dei klassiske hagane i Suzhou

Dei klassiske hagane i Suzhou er ni ulike hagar i byen Suzhou i Jiangsu-provinsen og er sidan 1997 og 2000 lagt til UNESCO si verdsarvliste.

Den audmjuke embetsmanns-hagen er med sine 52 dekar den største av dei klassiske hagane i Suzhou

Hagane vart til over ein periode på i kring 900 år. Den eldste stammar frå det 11. hundreåret og det nordlege Song-dynastiet, medan den yngste vart oppretta i det 19. hundreåret, seint i Qing-dynastiet si tid. Hagane, som mange er bygt under leiing av lærde, tek opp i seg mange av kjenneteikna på ein klassisk kinesisk hage; hagar med konstruerte landskap som etterliknar natur-former med sine bakkar, bergnabbar og bekker og sine strategisk plasserte paviljongar og pagodar.

Kjelder endre