Pagode (kinesisk skrift 塔, pinyin tǎ) er eit tårnaktig byggverk med fleire etasjar, skilde frå kvarande med markerte, utstikkande takskjegg. Pagodar kan vera hole tårn eller solide byggverk, laga av stein, tre eller murstein.[1] Bygningstypen er avleidd frå den buddhistiske stupaen, og dei er begge opphavleg symbol for heilage fjell.[1] Han er utbreidd i Aust- og Søraust-Asia, i land som Vietnam, Burma, Nepal, Kina, Korea og Japan. Dei fleste pagodar er bygde med religiøse føremål, ofte som buddhistiske bygningar, gjerne med samband til buddhisttempel, og nokre gonger knytte til taoismen.

Pagode i Shijiazhuang i Nord-Kina

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Pagoda | History, Design & Construction | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 10. juli 2023 
  Denne arkitekturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.