Opna hovudmenyen

Dei liguriske Alpane er ei fjellkjede i Italia. Dei utgjer den sørvestlegaste delen av Alpane, og sør for Colle di Cadibona ligg Apenninane. Vest for Col de Tende ligg Dei maritime Alpane. Fjellkjeda dannar grensa mellom regionane Piemonte i nord og Liguria i sør.

Dei liguriske Alpane
fjell
AlpiLiguri0001.jpg
Land Flag of Italy.svg Italia
Fjellkjede Alpane
Høgd Punta Marguareis - 2 651 moh.
Koordinatar 44°10′N 8°05′EKoordinatar: 44°10′N 8°05′E
Wikimedia Commons: Ligurian Alps

Dei liguriske Alpane vert drenert via Tanaro og andre sideelvar til Po på Piemonte-sida og av fleire mindre elvar som renn direkte ut i Middelhavet på den liguriske sida.

Dei høgaste toppane i Dei liguriske Alpane er Punta Marguareis (2651 moh) og Monte Mongioie (2630 moh). Det er fleire andre toppar over 2000 meter.

Fjellovergangar i Dei liguriske Alpane:

NamnStadTypeHøgd (m)
Colle di CadibonaSavona til Cevamotorveg436
Colle di MelognoFinale Ligure til Cevaveg1028
Colle San BernardoAlbenga til Garessioveg957
Colle di NavaImperia til Ormeaveg934
Col de TendeTende til Cuneoveg1870

KjelderEndra