Opna hovudmenyen

Tanaro (i antikken Tanarus) er ei 276 km lang elv nordvest i Italia. Elva har utspring i Dei liguriske Alpane, nær grensa til Frankrike og er den viktigaste sideelva til Po frå høgre ut i frå lengd, nedslagsfelt (som delvis dekkjer Alpane og delvis Appenninane) og vassføring.

Tanaro
elv
Tanaro01.jpg
Land Flag of Italy.svg Italia
Nedslagsfelt 8 234 km²
Lengd 276 km
Middelvassføring 123 /s
Kjelde Dei liguriske Alpane ved Monte Saccarello
Munning Po nær Bassignana
Wikimedia Commons: Tanaro
Plasseringa til Tanaro

KjeldeEndra

Tanaro startar frå Liguria der to mindre elvar renn i saman, Tanarello og Nerone, som begge kjem frå Piemonte. Kjelda til Tanarello er i fjellsida til Monte Saccarello ovanfor Monesi, ein landsby i kommunen Triora (IM). Dette fjellet strekkjer seg inn i det franske departementet Alpes-Maritimes og dekkjer provinsen Cuneo (Piemonte) og provinsen Imperia (Liguria) i Italia. Fjellet markerer grensa mellom tre forskjellige nedslagsfelt: Tanaro sitt, det til Roya, som startar i Frankrike, men renn ut i havet ved Ventimiglia, og Argentina, som renn ut i Liguriahavet ved Taggia.

Kjelda til Negrone ligg 10 km lenger nord, svært nær den franske grensa og sør for Punta Marguereis.

SideelvarEndra

Dei største sideelvane til Tanaro er Stura di Demonte frå venstre og Bormida og Belbo frå høgre.

ElveleieEndra

Tanaro renn forbi byane Ceva, Alba, Asti og Alessandria før ho munnar ut i Po nær Bassignana i provinsen Alessandria. Elva fram til samløpet med Po er rundt 50 km lenger enn Øvre Po.[1]

VassføringEndra

Vassføringa i elva varierer stort med årstidene. Sjølv om ho er den einaste av Po sine sideelvar frå høgre som har opphav i Alpane, er Dei liguriske Alpane for låge og for nær sjøen til at dei har mykje snø eller isbrear store nok til å gje ei jamn tilførsel av vatn om sommaren. Vassføringa i elva varierer derfor meir som ei elv frå Appenninane, lågast om sommaren og høgast om våren og hausten.

FlaumEndra

Elva er ofte utsett for flaum. I løpet av 200 år frå 1801 til 2001 har delar av Tanarobassenget vore råka av flaum 136 gonger, den mest alvorlege i november 1994 då heile dalen vart hardt råka og særleg byen Alessandria.

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. «Tanaro Po, Italy». acquabuona.it. 2009. Henta 6. april 2009.