Savona
Savona (ligurisk Sàn-na) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Savona i regionen Liguria og har om lag 60 000 innbyggjarar.
Savona | |||
by | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Region | Liguria | ||
Provins | Savona | ||
Del av | Liguria | ||
Areal | 65,32 km² | ||
Folketal | 58 194 (1. januar 2023) | ||
Borgarmeister | Federico Berruti | ||
Postnummer | 17100 | ||
Retningsnummer | 019 | ||
Savona 44°18′29″N 8°28′52″E / 44.308055555556°N 8.4811111111111°E | |||
Wikimedia Commons: Savona |
Savona vart tidlegare ein av dei største sentera i Italia for jernindustri med jernverk og støyperi, skipsverft, jernbaneverkstader, maskinverkstader og messingstøyperi.
Historie
endreSavona er den romerske staden Savo til ingaunarane, der Mago i følgje Livius gøymde byttet sitt under den andre punarkrigen.
Ein viktigare stad i romartida var hamna ved Vada Sabatia (Vado), der vegen gjekk vidare til Appenninane og Placentia. I 1191 kjøpte kommunen Savona område som føydalherrane kravde. Gjennom heile historia har han vore i ein lang kamp mot Genova. Så tidleg som på 1100-talet bygde Savona seg ei hamn, men på 1500-talet gjorde genovesarane ho ubrukeleg fordi dei frykta at Frans I av Frankrike skulle nytta ho til handel i Middelhavet. Dei sokk skip fylt med store steinar ved munningen av hamna. I 1746 vart Savona erobra av kongen av Sardinia, men vart gjeve tilbake til Genova etter Aix-la-Chapelle-avtalen i 1748.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Savona» frå Wikipedia på engelsk, den 26. desember 2007.