Dei føderalt styrte stammeområda
Dei føderalt styrte stammeområda i Pakistan (engelsk Federally Administered Tribal Areas, FATA) er eit område nordvest i landet som blir styrt av sentralregjeringa. Det grensar til Afghanistan i vest, Balutsjistan i sør og Den nordvestlege grenseprovinsen i aust og nord.
Federally Administered Tribal Areas وفاقی قبائلی علاقہ جات | |
---|---|
![]() | |
Plassering | |
![]() وفاقی قبائلی علاقہ جات | |
Styresmakter | |
Land | Pakistan |
Hovudstad | Miranshah |
Guvernør | Owais Ahmed Ghani |
Geografi | |
Flatevidd | 27 220 km² |
Annan informasjon | |
Nettstad: www.fata.gov.pk |

Stammeområdar har ikkje noka eiga provinsregjering, men er styrt av guvernøren i Den nordvestlege grenseprovinsen, som er utnemnd som representant for den pakistanske presidenten. Området har representantar i det pakistanske parlamentet og senatet, men lovane som blir laga gjeld ikkje for det.
Områda er delt inn i sju sjølvstyrte distrikt (agencies), som blir styrt av ein «politisk agent», og seks grenseregionar (Frontier Regions, FR), som blir styrte frå dei distrikta dei er knytte til i Den nordvestlege grenseprovinsen.
Ulike estimat plasserer innbyggjartalet i områda til rundt 3 341 070 (2000) eller 5 600 000 (2001). Dei utgjer rundt 2 % av pakistanarar. Berre 3,1 % av innbyggjarane i stammeområda bur i byar. Dette gjer dei til den minst urbaniserte delen av Pakistan.
Durand-linja markerer grensa mellom dei pakistanske stammeområda og Afghanistan. Sidan 2001 har Taliban og al-Qaida vore til stades i området. Den pakistanske hæren har gått inn i stammeområda Waziristan fleire gonger.
Underinndelingar endre
Frå sør til nord finn ein desse distrikta i stammeområda:
- Bajaur-distriktet
- Mohmand-distriktet
- Khyber-distriktet
- Orakzai-distriktet
- Kurram-distriktet
- Nord-Waziristan-distriktet
- Sør-Waziristan-distriktet
Grenseområda (frontier regions) ligg vest for distrikta og er frå nord til sør:
Byar endre
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Federally Administered Tribal Areas» frå Wikipedia på engelsk, og «Federalt administrerade stamområden» frå Wikipedia på svensk den 22. mars 2010.