Mohmand-distriktet
Mohmand-distriktet (eng. Mohmand Agency, pashto مومند) er eit distrikt som ligg nordvest i Pakistan, i Dei føderalt styrte stammeområda. Det grensar til Afghanistan i vest, Bajaur-distriket i nord, Malakand, Charsadda og Peshawar-distrikta i aust og Khyber-distriket i sør. Distriktet blei oppretta i 1951, området blei før dette administrert frå Peshawar i den noverande Khyber Pakhtunkhwa-provinsen. Først i 1973 blei administrasjonen flytt frå Peshawar til Ekkagund i Mohmand-distriktet. Hovudbyen er i dag Ghalanai. Mohmand er tilknytt den pasjtunske Mohmand-klanen, som det også bur mange av på andre sida av den afghanske grensa.
Mohmand | |||
مہمند | |||
provins | |||
Land | Pakistan | ||
---|---|---|---|
Region | Dei føderalt styrte stammeområda | ||
Hovudstad | Ghalanai | ||
Areal | 2 296 km² | ||
Folketettleik | 146 / km² | ||
Grunnlagd | 1951 | ||
Språk | pashto, urdu | ||
Mohmand-distriktet 34°30′00″N 71°20′00″E / 34.5°N 71.333333333333°E | |||
Kart over Pakistan og Dei føderalt styrte stammeområda. Mohmand er avmerkt som nummer 4 nord i stammeområda.
| |||
Wikimedia Commons: Mohmand District |
Distriktet har vore prega av konflikt mellom Taliban, pakistanske styresmakter og lokale stammeleiarar. 9. januar 2009 utførte rundt 600 hovudsakleg afghanske krigarar åtak på fleire kontrollpostar i Mohmand-distriktet. Seinare følgde fleire grensetrefningar. 2. juli drap ein sjølvmordsbombar rundt 100 menneske på marknaden i Yakaghund.
Sjå òg
endreKjelder
endre- «Grenseløs Taliban-krig». Klassekampen, 13.01.2009 s. 15
- «Minst 15 drept i angrep i Pakistan». NTBtekst, 02.05.2009
- «Nytt selvmordsangrep i Pakistan». NTBtekst, 09.07.2010.
- Population Demograph Arkivert 2015-09-06 ved Wayback Machine. ved fata.gov.pk
- Delar av denne artikkelen bygger på «Mohmand Agency» frå Wikipedia på engelsk, den 22. juli 2010.