Dei sameinte nasjonanes økonomiske kommisjon for Europa
(Omdirigert frå Dei sameinte nasjonane sin økonomiske kommisjon for Europa)
Dei sameinte nasjonanes økonomisk kommisjon for Europa (UNECE: United Nations Economic Commission for Europe) er Dei sameinte nasjonanes organ for å betre det økonomiske samarbeidet mellom kommisjonens medlemsland, som i tillegg til landa i Europa er USA, Canada, Tyrkia, Israel og land i Sentral-Asia, til saman 56 land.
Dei sameinte nasjonanes økonomiske kommisjon for Europa | |||
| |||
Skipa | 28. mars 1947 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | Genève | ||
Nettstad | https://unece.org/ |
Kommisjonen har hovudkontor i Genève i Sveits, og er ein av dei fem regionale kommisjonane under Dei sameinte nasjonanes økonomiske og sosiale råd. Oppgåvene for kommisjonen er å gjere økonomiske analysar, lage statistikk, vurdere spørsmål knytte til miljø, berekraftig energibruk, handel, industri- og næringsutvikling og transport, og dessutan administrere ordninga med europavegar.