Europavegar er eit nett av vegar som bind Europa saman. Dei kryssar nasjonale grenser og er underlagde UNECE, SN sin europakommisjon. Vegane er nummererte frå 1, som i Europaveg 1 eller E1, og oppover.

E22 ved Nättraby mot Ronneby. (Foto: Henrik Reinholdson)

Organisering endre

Skilting endre

 
Vegskilt for Europaveg 1.

Europavegar blir alltid markerte med eit rektangulært skilt med grøn bakgrunn og kvit ramme og tekst. Det varierer korleis ulike land set opp skilta. I somme, til dømes Noreg, Sverige, Danmark, Polen, Serbia og Kroatia, blir desse skilta brukte som det primære vegnummeret. I andre land, som Tyskland, Sveits, Frankrike og Belgia, har vegane gjerne både eit europavegnummer og eit nasjonalvegnummer, der den primære skiltinga viser nasjonalvegnummeret. Europavegane blir likevel skilta også her.

Reglar endre

Vegnummersystemet blei definert av UNECE i 1975, men gjekk gjennom ei stor endring i 1992. I dag følgjer det i hovudsak dette systemet:

  1. Referansevegar og mellomliggjande vegar, såkalla klasse A-vegar, har tosifra nummer. Grein- og sambandsvegar, såkalla klasse B-vegar, har tresifra nummer.
  2. Generelt:
    • Klasse A-vegar i retning nord-sør har ulike nummer som er lågast i vest, høgast i aust.
      • Referansevegar har nummer med 5 som siste siffer.
      • Mellomliggande vegar har nummer med 1, 3, 7 eller 9 som siste siffer.
    • Klasse A-vegar i retning aust-vest har like nummer som er lågast i nord, høgast i sør.
      • Referansevegar har nummer med 0 som siste siffer.
      • Mellomliggande veger har nummer med 2, 4, 6 eller 8 som siste siffer.
    • Klasse B-vegar har tresifra nummer sånn at det første sifferet er frå den næraste vegen i nord, det andre frå den næraste vegen i vest, og det tredje eit løpenummer.
  3. Klasse A-vegar med retning nord-sør aust for E99 har ulike nummer frå 101 til 129. Reglene over gjeld òg for desse vegane.
  4. Klasse B-vegar aust for E101 har tresifra nummer frå 001 til 099.

Unntak endre

 
E6/E20 nær Hallandsåsen.

To klasse-A vegar, E47 og E55, er framleis skilta med nemningane dei hadde før 1992 innan Sverige og Noreg. Vegane som skulle ha skifta namn frå E6 og E4 har framleis gamle namn og skilt. Dette blei tillate på grunn av dei store kostnadane ei omskilting av desse svært lange vegstrekningane ville gje. Frå Danmark og sørover er vegane skilta med dei nye namna sine.

Oversyn over vegar endre

Klasse A-vegar endre

Nord-sør endre

 
Europavegnettverket på dei britiske øyane.

Vest-aust endre

  1. https://www.dinside.no/motor/her-gar-de-norske-europaveiene/69560497#_ga=2.47806311.1339908040.1520106293-1891126161.1492155680