Pleiadane

(Omdirigert frå Dei sju systre)

Pleiadane eller Sjustjerna (òg Sjustjernene) er ein open stjernehop i stjernebiletet Tyren. Han er blant dei næraste stjernehopane, med ein avstand på 440 lysår, og er den aller mest synlege på nattehimmelen. Han er òg kjend som M45 (Messier 45). Namnet Pleiadane kan skriva seg frå dei sju nymfene pleiadane (Πλειάδες), som var døtrer av Atlas og Pleione. Det japanske namnet på stjernehopen er Subaru.

Fargebilete av Pleiadane frå Digitized Sky Survey-prosjektet.
Hubble-bilete av refleksjonståka nær Merope.

Hopen er dominert av varme, blå stjerner som har blitt til dei siste 100 millionar år. Romstøv som dannar ei refleksjonståke rundt dei lysaste stjernene, var tidlegare rekna som restar etter danninga av stjernene i hopen, men no veit ein at refleksjonståka er ei sky av romstøv som stjernene i pleiadane for tida passerer gjennom. Astronomar reknar med at hopen vil eksistera i endå 250 millionar år; sidan vil gravitasjonspåverknad frå det galaktiske nabolaget ha drege han sund.

Kjelde endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Pleiadane