Dei store nordveggane i Alpane
Dei seks store nordsidene i Alpane er kjend for sine bratte og høge fjellsider med vanskelege klatreruter. Dei seks nordsidene er:

I 1930-åra kjempa dei beste fjellklatrarane om å vere dei første til å klatre alle desse seks fjellsidene. Gaston Rébuffat, ein fjellguide frå Chamonix og kjend fransk fjellklatrar vart den første til å klatre opp alle seks sidene. Boka hans Etoiles et Tempêtes (Stjernelys og storm) fortel om desse klatreturane.
Tre av desse nordsidene — Eiger, Matterhorn og Grandes Jorasses — er mykje vanskelegare å klatre enn dei andre tre. Dermed vart dei kalla «Triologien». Den første som klatra desse tre i løpet av same året av austerrikaren Leo Schlömmer, frå sommaren 1961 til sommaren 1962. Ivano Ghirardini var den første som klatra Triologien om vinteren, aleine i 1977-1978.
GalleriEndra
Nordsida av Eiger
Nordsida av Grandes Jorasses
Nordsida av Cima Grande di Lavaredo
Nordsida av Matterhorn (i skuggen til høgre)
Nordvestsida av Piz Badile
Nordsida av Petit Dru (høgre) der isfeltet «Skåret» er klårt synleg
KjelderEndra
- Anker, Daniel (ed.) (2000) Eiger: The Vertical Arena. Seattle: The Mountaineers.
- Bonatti, Walter (2001). The Mountains of My Life. New York: Modern Library. ISBN 0-375-75640-X.
- Hargreaves, Alison (1995). A Hard Day's Summer: Six Classic North Faces Solo. London: Hodder & Stoughton. ISBN 0-340-60602-9
- Rébuffat, Gaston (1999). Starlight and Storm: The Conquest of the Great North Faces of the Alps. New York: Modern Library. ISBN 0-375-75506-3