Tre Cime di Lavaredo
Tre Cime di Lavaredo (italiensk for «dei tre Lavaredo-toppane», på tysk kalla Drei Zinnen) er tre karakteristiske fjelltindar i Dolomittane i Italia og ei av dei mest kjende fjellgruppene i Alpane. Nordsida av fjellet er ein av dei seks store nordsidene i Alpane.
Tre Cime di Lavaredo | |||
fjell | |||
Nordveggane av Tre Cime di Lavaredo
| |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Dolomittane | ||
Høgd | 2 999 moh. | ||
Førstestiging | 21. august 1869 | ||
Koordinatar | 46°37′7″N 12°18′20″E / 46.61861°N 12.30556°E | ||
Tre Cime di Lavaredo 46°37′07″N 12°18′20″E / 46.618611°N 12.305556°E | |||
Wikimedia Commons: Tre Cime di Lavaredo |
Fram til 1919 danna toppane ein del av grensa mellom Italia og Austerrike. I dag ligg dei innanfor den italienske grensa i provinsane Bolzano og Belluno. Den største av dei tre toppane er 2 999 meter over havet. Han står mellom den minste toppen (2 857 moh) og den vestlegaste (2 973 moh).
Førsteklatring
endreDen første klatringa av den store toppen vart utført 21. august 1869 av Paul Grohmann med guidane Franz Innerkofler og Peter Salcher. Den vestlegaste toppen vart klatra på dagen ti år seinare av Michel Innerkofler med G. Ploner. Den minste toppen av den siste av dei tre til å verte klatra. Det skjedde 25. juli 1881 av Michel og Hans Innerkofler. Den minste av dei tre toppane vert rekna som den vanskelegaste av dei tre.
Emilio Comici var den første som klatra nordsida av den store toppen i 1933. Denne delvis utskytande nordveggen vert framleis rekna som ein av dei seks store nordsidene i Alpane av fjellklatrarar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tre Cime di Lavaredo» frå Wikipedia på engelsk, den 14. november 2007.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Alexander Huber og Willi Schwenkmeier (2003). Drei Zinnen. Bergverlag Rother. ISBN 3-7633-7513-9.
- Viktor Schemfil (1984). Die Kämpfe im Drei-Zinnen-Gebiet und am Kreuzberg bei Sexten 1915-1917. Universitätsverlag Wagner. ISBN 3-7030-0170-4.
- Richard Goedeke (1988). Sextener Dolomiten. (Alpenvereinsführer) Bergverlag Rother. ISBN 3-7633-1255-2.