Dei tre nornene var i norrøn gudelære tre lagnadsgudinner som heitte Urd, Skuld og Verdande. Dei sat ved brunnen Urdarbrunn under Yggdrasil og spann på lagnadsveven, som synte lagnaden til alle menneske og æsene.

Nornene ved foten av Yggdrasil.

Dei tre nornene står for fortid (Urd), notid (Verdande) og framtid (Skuld). Nornene var alltid til stades når eit barn vart fødd. Dei avgjorde lagnaden til barnet.[1] Det var mange norner i den norrøne mytologien, men desse tre stod over dei andre nornene.

Det er hevda at Urd nok er den førande og mest sentrale av dei tre nornene, og at dei to andre er aspekt av henne. Urd finst og under nærskylde namn i andre språk (WyrdGamalengelsk).

Mange av dei førkristne mytologiane har lagnadsgudinner av dette slaget. Ein finn dei mellom anna gresk mytologi (moirene).

Ulike slag treeningsgudinner finst att i mange indoeuropeiske gudekrinsar.

Kjelder endre

  1. Fosmark, Kjellrun; Moe, Åse (1998). Guder, volver og sjamaner: en sammenlignende reise i gresk, norrøn og samisk mytologi. Huitfeldt forlag. s. 137–138. ISBN 8270031992.