For norna Urd, sjå dei tre nornene

Urd var eit norsk vekeblad særleg retta inn mot kvinner som kom ut i tida frå 1897 til 1958. Bladet handla særleg om litteratur og kultur, men inneheldt også folkeopplysing og familiestoff. Det hadde ein kristen og borgarleg profil og fremja ei moderat form for kvinnesak.

Reklameplakat for ukebladet «Urd», teikna av Andreas Bloch og Olaf Krohn.

Urd blei starta av journalistsøstrene Anna (1864-1956) og Cecilie Bøe (1856-1947), som gav det ut saman med boktrykkaren Oscar Andersen. Anna Bøe var redaktør frå byrjinga til 1933.

Kjelder endre

  • Ida Gudjonsson: Det Nye gjennom 50 år. Masteroppgåve i medievitenskap, Universitetet i Bergen, Våren 2008 (PDF[daud lenkje])