Deir Qaddis (arabisk skrift دير قديس) er ein palestinsk by i Ramallah og al-Bireh guvernement, sentralt på Vestbreidda, 16 kilometer vest for Ramallah.[2] I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på kring 1 942 innbyggjarar i 2007.[3]

Deir Qaddis
دير قديس, Deir Qiddis, Dayr Qaddis
kommune
View of Deir Qaddis
Namneopphav: Helgenklosteret[1]
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Ramallah og al-Bireh guvernement
Koordinatar 31°56′58″N 35°02′44″E / 31.94944°N 35.04556°E / 31.94944; 35.04556
Areal 8,2 km²
Folketal 1 942  (2007)
Folketettleik 237 / km²
Borgarmeister Fares Ibrahim
Kart
Deir Qaddis
31°56′58″N 35°02′44″E / 31.949444444444°N 35.045555555556°E / 31.949444444444; 35.045555555556
Wikimedia Commons: Deir Qaddis

Historie endre

Deir Qaddis tyder «Helgenklosteter».[1] Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja Deir Kaddis og fann ruinar av hus bygde med store blokker og fleire cisterner hogde ut i berget,[4] medan SWP (1882) noterte ruinane av eit kloster og ei grotte nær landsbyen, og at namnet på landsbyen indikerte at det hadde lege eit nonnekloster her.[5]

Landsbyen vart ein del av Det osmanske riket i 1517 i lag med resten av Palestina, og var i 1596 oppført i skattelister som Dayr Qiddis i Ramlah nahiya i Gazza liwa. Han hadde eit folketal på 11 hushaldningar, alle muslimar, og betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, olive- og frukttre, geiter og bikubar, og ei presse for oliven eller druer.[6]

I 1863 estimerte Guérin at Deir Kaddis hadde kring 350 innbyggjarar.[4] I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Deir el Kuddis som ei «lita grend på ei høgd, med hagar i nord [..] Det er ein brunn i aust.»[5]

Det britiske mandatet endre

I folketeljinga i 1922, utført av dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Dair Qaddis eit folketal på 299, alle muslimar,[7] og dette auka i folketeljinga i 1931 til eit folketal på 368, framleis alle muslimar, i 82 hus.[8]

I 1945 var folketalet i Deir Qaddis 440 arabarar, med 8 224 mål land, i følgje ei offisiell landmåling.[9] 1 815 mål vart nytta for plantasjar og irrigert land, 1 069 mål for korn,[10] medan 8 mål var utbygd (urbant) land.[11]

Etter 1948 endre

Etter den arabisk-israelske krigen i 1948, vart Deir Qaddis styrt av Jordan.

Deir Qaddis kom under israelsk okkupasjon i lag med resten av Vestbreidda etter seksdagarskrigen i 1967.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Palmer, 1881, s. 228
  2. The Case of Deir Qiddis landsby Arkivert 2007-12-15 ved Wayback Machine. Applied Research Institute - Jerusalem 10. november 2007.
  3. 2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.114.
  4. 4,0 4,1 Guérin, 1875, s. 85
  5. 5,0 5,1 Conder og Kitchener, 1882, s. 297
  6. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 154.
  7. Barron, 1923, Table VII, Division Jaffa, Underdistrikt of Ramleh, s. 22
  8. Mills, 1932, s. 19
  9. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 66
  10. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 114
  11. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 164

Bakgrunnsstoff endre