Delikatesse
Delikatesse (frå fransk délicatesse) er ein lekker matrett eller ei matvare som nokon set stor pris på. Omgrepet kan visa til mange ulike typar mat, som lokal eller regional tradisjonsmat, luksusrettar, fint tillaga pålegg, salat og anna. Ein delikatesseforretning er ein butikk som spesialiserer seg på delikatesser.
«Delikatesse» kan også visa til takt eller finkjensle, særleg i eldre språkbruk.
Kjelder
endre- Delikatesse (14. februar 2009), Store norske leksikon. Henta 31. januar 2014.
- Delikatesseforretning (14. februar 2009), Store norske leksikon. Henta 31. januar 2014.
- «delikatesse» i Nynorskordboka.
- Delikatesse, Ordbog over det danske Sprog