Delikatesseforretning

Delikatessebutikk eller delikatesseforretning er ein butikk som sel visse delikatesser til forbrukarar. Ein slik butikk vil ofte ha eit utval ulike matvarer og ingrediensar, som ostar, fisk, kjøtprodukt, matoljer, salatar, sausar, sylteprodukt bakverk og søtsaker. Nokre stader kan delikatessebutikkane også selja vin og liknande. Delikatesseforretningar kan selja mat som er sjeldnare, dyrare, meir eksotisk og ofte meir tradisjonell enn det ein får i andre utsal. Ofte er matvarene lekkert vist fram i kjøledisk, på bord, hyller eller hengjande, og dei blir ofte delt opp og pakka inn av betjeninga, til skilnad frå sjølvbetening.

Frå ein delikatesseforretning i Roma.

Ein del delikatessebutikkar har også servering, som ein tilknytt kafé. Stormagasin kan ha delikatesseavdelingar. Vidare har mange større supermarknader område som kan minna om delikatessebutikkar, som kjøt-, fisk- eller ostediskar.

På engelsk er ein delikatesseforretning ofte kjend som delicatessen, avleidd frå den tyske fleirtalsforma Delikatessen, eller forkortinga deli. I Nord-Amerika kan deliar fokusera på servering og/eller sal av mat til å ta med vekk, utan at matvarene nødvendigvis er rekna som delikatesser.

Kjelder endre


Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Delikatesseforretning
  Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.