Ubåtklassen Delta
Delta-klasse ubåt er ei nemning på fire fartøyklasser av ubåtar frå den russiske (og tidlegare sovjetiske) marinen.
Desse strategiske ubåtklassane vart bygde av Sovjetunionen under den kalde krigen. Delta-klassene er i regelen bestykka med ubåtmissil (SLBM), som framleis er russiske andreslagvåpen.
Prosjekt 667B Murena (Delta I)
endreUtviklinga av Projekt 667B Murena byrja i 1965, då Sovjetunionen ville ha ein ubåt som kunne avfyre missil utan å passere SOSUS-feltet i Atlanterhavet.
Prosjekt 667BD Murena-M (Delta II)
endreMurena-M-klassen var ei vidareutvikling av Murena-klassen. Murena-M bygde på same skrogdesign som Murena, med ein viss skilnad. Mellom anna hadde ein auka lengda på ubåten med 16 meter for å få plass til fire missilrøyr til.
Prosjekt 667BDR Kalmar (Delta III)
endreKalmar-klassen var eit stort steg fram for den sovjetiske stridsmakta. Dette var den første ubåten som kunne avfyra alla missila på ein gong. Desse missila var òg dei første til å bere meir enn eit stridshovud (MIRV).
Prosjekt 667BDRM Delfin (Delta IV)
endreDelta IV-klasse ubåt er den fjerde og siste av Delta-klassen. Utviklinga starta seint på 1970-talet, og i åra 1985–1992 var sju stykker levert til sovjetmarinen. Denne hadde ei ny type propell med fem blad og kunne fara stillare fram under vassflata.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Delta-klass» frå Wikipedia på svensk, den 5. april 2018.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |