Deltabaryon
Eit deltabaryon eller deltaresonans (Δ) er eit forholdsvis lett baryon (1232 MeV/c2). Det består berre av opp- og nedkvarkar, i kombinasjonar som gjev 3/2 spinn.
Det finst fire forskjellige deltabaryon:
- Delta pluss pluss (Δ++): Består av tre oppkvarkar (uuu), og bryt ned til eit positivt pion og eit proton (Δ++ > π+ + p)
- Delta pluss (Δ+): Består av to oppkvarkar og ein nedkvark (uud), og bryt ned til eit positivt pion og eit nøytron, eller eit nøytralt pion og eit proton (Δ+ > π+ + n ELLER Δ+ > π0 + p)
- Delta null (Δ0): Består av ein oppkvark og to nedkvarkar (udd), og bryt ned til eit nøytralt pion og eit nøytron, eller eit negativt pion og eit proton (Δ0 > π0 + n ELLER Δ0 > π- + p)
- Delta minus (Δ-): Består av tre nedkvarkar (ddd), og bryt ned til eit negativt pion og eit nøytron
(Δ- > π- + n)
MERK: Delta pluss og delta null, må IKKJE forvekslast med proton og nøytron sjølv om dei består av dei same kvarkane. Skilnaden består i at nukleona har 1/2 spinn, mens deltabaryona har 3/2 spinn.
Δ++ har den uvanlege +2 ladinga, og oppdaginga av denne partikkelen var særs viktig under utviklinga av kvarkteorien.
Det skjer at Δ+ og Δ0, ikkje bryt ned slik det står skildra oppfor. Nokre sjeldne nedbrytingar der pionet er bytta ut med eit foton, er observert.
Nedbrytingane blir då sjåande slik ut:
Δ+ > p + γ
Δ0 > n + γ
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Deltabaryon» frå Wikipedia på bokmål, den 26. juli 2012.