Demjanka (russisk Демья́нка) er ei elv i Omsk og Tjumen oblast i Russland og ei av sideelvane til Irtysj frå høgre. Elva er 1160 km lang og har eit nedslagsfelt på 34 800 km².

Demjanka
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 34 800 km²
Lengd 1 160 km
Munning Irtysj
Kart
Demjanka
59°33′16″N 69°18′00″E / 59.55444444°N 69.3°E / 59.55444444; 69.3
Wikimedia Commons: Demyanka River

Elva spring ut i Vasjuganjamyrane nordaust for Omsk oblast og renn så gjennom Tjumen oblast. Breiddene av elva er låge og skogkledde.

Av sideelvar til Demjanka finn ein Keum frå høgre, og Tegus, Urna, Imgyt og Bolsjoj Kunjak frå venstre.

Kjelder

endre