Tjumenskaja oblast
   

Flagg Våpen
Flagg Våpen
Tjumen oblast på kartet over Russland
Hovudstad Tjumen
Areal

- Totalt
- % vatn

Rangering: 3.

1 464 200 km²
Ukjent

Innbyggjartal

- totalt
- folketettleik

Rangering: 11.

ca. 3 323 000 (2006)
ca. 2,3/km²

Føderalt distrikt Ural
Økonomisk region Vest-Sibir
Regionsnummer 72
Offisielt språk Russisk
Guvernør Vladimir Vladimirovitsj Jakusjev
Nasjonalsong  
Tidssone UTC +0500

Tjumen oblast (russisk Тюменская область) er ein provins i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Tjumen, arealet er 1 464 200 km² og innbyggjartalet er 3 323 000 (2006). Provinsen omfattar dei to autonome regionane Jamalo-Nenetsk og Khanty-Mansia.

Geografi endre

Tjumen oblast er det tredje største føderasjonssubjektet i Russland, om lag like stort som Spania, Frankrike, Tyskland og Sveits til saman. Det ligg vest i Sibir, på den sibirske sletta. I vest ligg Uralfjella og grensa til den europeiske delen av Russland. Dei største elvane er Ob og Irtysj. Provinsen strekkjer seg 2100 kilometer frå nord til sør, og er det einaste føderasjonssubjektet som strekkjer seg heilt frå Nordishavet til den russiske sørgrensa, mot Kasakhstan. Dei nordlegaste ni tidelar av provinsen utgjer dei to autonome regionane Jamalo-Nenetsk og Khanty-Mansia. Tjumen oblast er den russiske provinsen som har mest olje- og gassutvinning, hovudsakleg i dei autonome regionane.

Folkesetnad endre

Ved folketeljinga i 1989 oppgav 72,6 % av ibuarane å vera av russisk nasjonalitet. Dei største minoritetane var:

Av sibirske urfolk var:

Historie endre

 
Utsyn over Tobolsk, om lag 1910.

I dagens Tjumen oblast låg senteret for Sibir-khanatet, ei statsdanning som var ein av arvtakarane til det mongolske verdsriket til Dsjengis Khan. I 1582 vart Sibir-khanatet nedkjempa av russiske kosakkar. Hovudstaden Qasjliq, nær dagens Tobolsk, vart lagt i ruinar og aldri gjenoppbygd. Den russiske erobringa av Sibir-khanatet opna opp for russisk ekspansjon heilt til Stillehavet i løpet av neste hundreåret. I 1586 bygde russarane fortet Tjumen, som utvikla seg til den første russiske byen i Sibir. I 1590 vart byen Tobolsk grunnlagd, denne vart sentrum for det russiske styret i vest-Sibir fram til 1800-talet. Fram til 1918 var Tobolsk senter for provinsen som omfatta både Tobolsk og Tjumen.

Etter den russiske revolusjonen tok dei sosialrevolusjonære makta i provinsen. I februar 1918 tok bolsjevikane over makta, og flytta provinshovudstaden til Tjumen. Tsarfamilien vart ei tid haldne i fangeskap i Tobolsk, før dei vart flytta til Jekaterinburg der dei vart skotne. I august 1919 vart provinsen erobra av kontrarevolusjonære styrkar («kvitegardistar»), men i mars 1920 hadde bolsjevikane igjen tatt kontrollen. I januar 1921 kom det til eit av dei alvorlegaste bondeopprøra mot sovjetmakta i Russland etter borgarkrigen. Tobolsk, Salekhard og fleire andre byar vart tatt av opprørarane, som ikkje vart slått ned for godt før året etter. På 1930-talet vart det bygd ei mengd konsentrasjonsleirar, særskilt i nord, som del av Gulag-systemet av tvangsarbeidsleirar.

Under den andre verdskrigen vart mykje industri og statsinstitusjonar evakuert til byar i Tjumen oblast frå dei vestlege delane av landet. Frå sommaren 1941 vart det balsamerte liket til Lenin oppbevart i Tjumen. 14. august 1944 vart Tjumen oblast oppretta med dagens grenser. Dei autonome områda Khanty-Mansia og Jamalo-Nenetsk, som hadde vorte oppretta i 1930, vart underlagt oblastet.

I 1964 tok olje- og gassutvinninga i provinsen til. Tjumen oblast vart senteret for olje- og gassproduksjon i Russland. Nye byar oppstod, og folketalet vart mangedobla av tilflytting frå alle delar av Sovjetunionen. På slutten av 80-talet leverte Tjumen oblast 400 millionar tonn olje og 574,2 milliardar kubikkmeter gass i året.

Bakgrunnsstoff endre