Irtysj (russisk Иртыш; kasakhisk: Ertis/Эртiс ; tatarisk: İrteş/Иртеш; kinesisk: Erqisi/额尔齐斯河) er ei elv i Sibir. Ho er den største sideelva til Ob, som ho faktisk er lengre enn med ei lengd på 4 248 km. Namnet tyder «Den kvite elva». Den største sideelva til Irtysj er Tobol. Nedslagsfeltet til Ob og Irtysj er eit av dei største i Asia og utgjer det meste av det vestlege Sibir og Altajfjella.

Irtysj
elv
Nedslagsfeltet til Ob og Irtysj
Land  Russland,  Kasakhstan  Kina,  Mongolia
Nedslagsfelt 1 643 000 km²
Lengd 4 248 km
Vassføring for nær Tobolsk
 - middel 2 150 /s
Kjelde Altajfjella
Munning Ob
Kart
Irtysj
47°24′52″ N 90°12′56″ E
Wikimedia Commons: Irtysh River

Frå kjelda som Kara-Irtysj («Svarte Irtysj») i Altajfjella i Mongolia og Xinjiang i Kina, renn Irtysj nordover gjennom Zajsansjøen i Kasakhstan fram til ho munnar ut i Ob nær Khanty-Mansijsk vest i Sibir i Russland.

Irtysj ved Tjserlak mellom den kaskhastansk-russiske grensa og Omsk

Passasjer-, frakte- og tankskip seglar opp og ned det meste av elva mellom april og oktober då ho ikkje er fryst til. Omsk er hovudkvartert til det statseigde Irtysj elverederi, og den største elvehamna i Vest-Sibir. Store vasskraftverk ved Ust-Kamenogorsk og Bakhtarminsk (1959) nyttar Irtysj nær grensa mellom Kasakhstan og Kina. Vatningskanalen Irtysj-Karaganda gjev vatn til den tørre kasakhstanske steppa.

Elvebreidda var busett av Han-kinesarar, kalmykar og mongolar fram til russarane kom hit seint på 1500-talet. Russarane erobra først heile Irtysj-området tidleg på 1800-talet.

Dei største byane ved Irtysj er, frå kjelda til munningen:

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Irtysj