Koordinatar: 60°32′24.5″N 7°18′51.2″E

Demmevasshytta er ei turisthytte i Eidfjord kommune i Vestland. Hytta ligg 1307 moh. ved foten av Lurenuten ved bretunga Rembesdalskåki, ein sørvestleg brearm av Hardangerjøkulen.

Demmevasshytta (1307 moh.) sett frå breen like attmed.

Demmevasshytta var opphavleg ein arbeidsbrakke, som vart oppført i 1899, og teken over av Den Norske Turistforening (DNT) i 1901. Hytta var betent fram til ho vart lagd ned i 1941. I 1963–65 vart hytta restaurert og fungerer i dag som senter for Den Norske Turistforenings Bregruppe som base for brekurs og isklatring.

Kjelder Endra

Bakgrunnsstoff Endra