Hardangerjøkulen
Hardangerjøkulen er den sjette største isbreen på det norske fastlandet og ligg i kommunane Ulvik og Eidfjord i Vestland. Flatevidda er 73 km². Det høgaste punktet på breen er 1863 moh., som er det høgaste punktet i Hordaland fylke.
Hardangerjøkulen | |||
isbre | |||
Hardangerjøkulen sett frå Hårteigen
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommunar | Eidfjord, Ulvik | ||
Type | Platåbre | ||
Areal | 73 km² | ||
Lengd | 11,5 km | ||
Toppunkt | 1863 moh. | ||
Koordinatar | 60°32′52″N 07°26′54″E / 60.54778°N 7.44833°E | ||
Hardangerjøkulen 60°32′00″N 7°25′00″E / 60.533333333333°N 7.4166666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Hardangerjøkulen |
Brearmen Rembesdalskåka (60°32′17″N 7°19′6″E / 60.53806°N 7.31833°E) er ein sør-vestleg del av Hardangerjøkulen. Smeltevatn frå breen renn ned i Rembesdalsvatnet og Simadalen i Hardanger. Vasskraftverket Sima kraftverk i Eidfjord utnyttar avrenninga frå aust-, sør- og vestsida av Hardangerjøkulen.
Breen har fleire brearmer, der Blåisen og Midtdalsbreen aust mot Finse og Rembesdalskåka vest mot Simadalen, er mest kjend. Ved Rembesdalskåka ligg DNT Fjellsport Oslo si hytte Demmevasshytta.
Midtdalen vart nytta til innspelinga av Star Wars Episode V: Imperiet slår tilbake som isplaneten Hoth.
Bakgrunnsstoff
endre- NVE om Hardangerjøkulen Arkivert 2005-03-02 ved Wayback Machine.
- Foto og omtale om jøkulen