Eidfjord kommune

kommune i Vestland fylke i Noreg

Eidfjord er ein kommune i Vestland fylke, i Hardanger. Eidfjord kommune ligg inst i Hardangerfjorden, og administrasjonssenteret er tettstaden med det same namnet. Eidfjord vart eigen heradskommune i 1891, då heradet vart utskilt frå Ulvik heradskommune. I 1964 vart kommunen slegen saman med Ullensvang herad. I 1977 vart Eidfjord nok ei gong sjøvstendig kommune. Kommunen grensar i nord til Ulvik herad, og i vest til Ullensvang herad. I aust grensar Eidfjord til Hol kommune og Nore og Uvdal kommune i Buskerud fylke.

Eidfjord kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Vestland
Adm.senter Eidfjord
Areal 1 492 km²
 - land 1 393 km²
 - vatn 99 km²
Folketal 968  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Anders Vatle (Sp)
Kommunenr. 4619
Kart
Eidfjord kommune
60°29′48″N 7°08′28″E / 60.496637°N 7.141113°E / 60.496637; 7.141113
Wikimedia Commons: Eidfjord
Nettstad: www.eidfjord.kommune.no

Lokalavisa Hardanger Folkeblad tek mål av seg til å dekkja Eidfjord. Regionavisa Bergens Tidende har noko stoff frå kommunen.

Namn endre

Heradet er oppkalla etter Eidfjorden (norrønt Eiðafjǫrðr). Fyrste del var genitiv av namnet på garden Eiðar, det gamle kyrkjeområdet. Namnet på garden kom av Eið, som viste til eidet mellom fjorden og Eidfjordvatnet.

Heradsvåpenet endre

Heradsvåpenet er frå moderne tid. Det vart offentleggjort 13. juli 1984. Våpenet viser eit kvitt reinsdyrsgevir på blå botn. Dei fyrste kjende busetjarane i dette området var jegerar som jakta på reinsdyr. Reinen har vore viktig for folket her i mange hundre år. Kommunevåpenet symboliserer også elvane som går frå fjell til fjord.

Geografi endre

 
Hardangerjøkulen

Eidfjord Kommune har to tettstader: Eidfjord og Øvre Eidfjord. Eidfjord er heradssenteret som ligg ved Eidfjorden. Her finn ein heradshuset, ulike servicefunksjonar og en djupvasskai som vert nytta i cruiseskipstrafikken. Eidfjord har attraksjonar som Sima kraftverk, det nest største vasskraftverket i Noreg, Vøringsfossen med eit totalt fall på 182 m, og fjellgarden Kjeåsen, 600 m.o.h., som tidlegare var den mest isolerte garden i Noreg. Store delar av Europas største høgfjellsplatå, Hardangervidda, ligg også i Eidfjord Kommune. I Øvre Eidfjord ligg Hardangervidda Natursenter, nasjonalparksenter for Hardangervidda nasjonalpark. Størstedelen av isbreen Hardangerjøkulen ligg i Eidfjord kommune, i grensetraktene mot Ulvik herad. Hardangerjøkulen er også det høgaste punktet i kommunen, med 1859 m.o.h. Veig og Bjoreia er dei største elvane i heradet. På Hereid i Eidfjord er det funne om lag 300 gravrøyser frå Vikingtida.

Det ligg to kyrkjer i Eidfjord: Eidfjord gamle kyrkje og Eidfjord kyrkje.

Historie endre

Eidfjord høyrte til Hallingdal prosti i Stavanger bispedømme frå 1126 til 1631. Årsaka var at biskopen berre kunne skriva ut skyssmannskap i sitt eige bispedømme. I 1125 vart Valdres og Hallingdal utskilt frå Selja bispedømme og lagt under Stavanger bispedømme i staden, der dei vart verande til dei kom under Oslo i 1631. Når Stavanger-bispen trong skyss for å vitja Valdres og Hallingdal, var det stuttast veg for han over fjellet frå Eidfjord. Fyrst i 1636, då Stavanger-bispen ikkje trong skyss austover lenger, vart Eidfjord formelt attført til Bergen.

Transport endre

 
Måbødalen i Eidfjord kommune

Gjennom heradet går Riksveg 7 med Hardangerbrua som erstatta ferjesambandet Bruravik-Brimnes i 2013. Riksveg 13 går også gjennom heradet. Delar av Riksveg 7 er nasjonal turistveg. På Riksveg 7 ligg den kjende vegstrekninga Måbødalen, der Måbødalsulukka fann stad i 1988. 16 personar frå Sverige omkom i ulukka. Nordmannsslepa, som går over fjellet til Numedal, går òg frå Eidfjord.

Folketalsutvikling endre

Folketalet i Eidfjord gjekk opp med 18 personar i 2008, ein folketalsvekst som er nest høgst i Hardanger.

50 tyskarar, belgiarar og nederlendarar vart freista til å flytta til Hardanger i 2008. 19 av desse busette seg i Eidfjord.

Folketalsutvikling for Eidfjord kommune frå 1920:

1.12.1920[1] 1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3] 1.1.1961[3] 1.1.1981[3] 1.1.1991[3] 1.1.2001[3] 1.1.2010[3]
1024 1145 1164 1126 1012 1155 1081 1001 958

Turisme endre

Kommunen sa nei til ein søknad om å tillata jelikopter-turisme i 2018.[4]

Kjende folk knytt til Eidfjord endre

Kjelder endre

  1. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 Folkemengd i Eidfjord 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  4. Elise Farestveit; Ragnhild Bjørge (6. mars 2018). «Kommunen snur – seier nei til heliturisme i Hardanger». NRK.no. 

Bakgrunnsstoff endre