Demokratane
norsk politisk parti
(Omdirigert frå Demokratene)
- For andre parti med same, eller liknande namn, sjå Det demokratiske partiet
Demokratane er eit norsk politisk parti. Partileiar frå 2021 er Geir Ugland Jacobsen.
Demokratane | |
Ideologi | Verdikonservatisme |
---|---|
Oppretta | 2002 |
Farge | blå |
Partileiar | Geir Ugland Jacobsen |
Ungdomsorganisasjon | Demokratenes ungdom |
Nettstad | www.demokratene.no |
Partiet vart stifta i 2002 som Demokratane. I 2010 skifta partiet namn til Demokratane i Noreg ved nyregistrering i det norske partiregisteret. I 2018 skifta partiet namn tilbake til Demokratane. Partiet er restriktivt i spørsmål om utanrikspolitikk og innvandring og har elles markert seg med sentrumsorienterte standpunkt i spørsmål om fordelings- og kulturpolitikk.
Ved valet i 2005 fekk dei 2 705 stemmer, 0,1 %. Vidar Kleppe representerte partiet på fylkestinget i Vest-Agder. Partiet stilte med lister i alle fylke ved valet 2007 og fekk 0,3 % av røystene.