Geir Ugland Jacobsen
Geir Harald Ugland Jacobsen (f. 1957) er ein norsk siviløkonom og politikar frå Oslo. Han er frå mai 2021 partileiar for Demokratane.
Geir Ugland Jacobsen | |
![]() | |
Fødd | 1957 (66 år) |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Demokratane |
Yrke | siviløkonom, politikar, forretningsdrivande |
Jakobsen har bakgrunn frå næringslivet. Han har tidlegare vore politikar for Framstegspartiet (Frp) og var vald i ei kampvotering som fylkesleiar i Oslo Frp frå februar 2020. Desember 2020 vart han kasta som fylkesleiar og ekskludert som partimedlem av sentralstyret i Frp, medan fylkeslaget vart sett under administrasjon.[1] Medan han var fylkesleiar markerte han seg som forkjempar for at Frp skulle gå i meir nasjonalkonservativ retning og kom med utsegner som sette posisjonane til Siv Jensen som partileiar og førstekandidat i Oslo i tvil.[2]
Den 18. januar 2021 vart han ny fylkesleiar for Demokratane i Oslo. Jakobsen har uttalt at det truleg blir eit namnebytte på partiet, som del av ein omstart.[3] Nokre av kjernesakene til partiet vil ifølgje han vere motstand mot overnasjonal styring, vern om ytringsfridommen og reduksjon i offentleg pengebruk.[4]
KjelderEndra
- ↑ «Oslo Frp settes under administrasjon». Aftenposten. 15. desember 2020. Henta 6. september 2021.
- ↑ «Ekskludert Frp-topp slår tilbake: Her er dokumentet han mener beviser at Siv Jensen lyver om bråket i Fremskrittspartiet». TV2. 9. januar 2021. Henta 6. september 2021.
- ↑ «Ugland Jacobsen slår seg sammen med Vidar Kleppe i Demokratene». TV2. 29. desember 2020. Henta 6. september 2021.
- ↑ «Geir Ugland Jacobsen: Dette er Demokratenes kjernesaker». Resett. 31. januar 2021. Henta 6. september 2021.