Demokratane

norsk politisk parti
(Omdirigert frå Demokratene i Norge)
For andre parti med same, eller liknande namn, sjå Det demokratiske partiet

Demokratane er eit norsk politisk parti. Partileiar frå 2021 er Geir Ugland Jacobsen.

Demokratane
IdeologiVerdikonservatisme
Oppretta2002
Fargeblå
PartileiarGeir Ugland Jacobsen
UngdomsorganisasjonDemokratenes ungdom
Nettstadwww.demokratene.no

Partiet vart stifta i 2002 som Demokratane. I 2010 skifta partiet namn til Demokratane i Noreg ved nyregistrering i det norske partiregisteret. I 2018 skifta partiet namn tilbake til Demokratane. Partiet er restriktivt i spørsmål om utanrikspolitikk og innvandring og har elles markert seg med sentrumsorienterte standpunkt i spørsmål om fordelings- og kulturpolitikk.

Ved valet i 2005 fekk dei 2 705 stemmer, 0,1 %. Vidar Kleppe representerte partiet på fylkestinget i Vest-Agder. Partiet stilte med lister i alle fylke ved valet 2007 og fekk 0,3 % av røystene.

BakgrunnsstoffEndra