Demokratisk sentralisme

Demokratisk sentralisme er eit organisasjonsprinsipp som går ut på at ein organisasjon har ein felles front eksternt etter den interne debatten er sagt å vere over og eit vedtak er gjort. Då skal alle partimedlemer arbeide for å gjennomføre dette. Dette prinsippet vart utvikla av Lenin og har vore vanleg i kommunistiske parti. I tillegg til dette skarpe skiljet mellom eit før og eit etter vedtak og mellom indre og ytre prosessar, har demokratisk sentralisme òg betydd eit forbod mot fraksjonar innanfor partia, og bruk av eksklusjonar mot politisk opposisjon i partiet sine rekkjer.

Demokratisk sentralisme føreset at partimedlemane skal få tid og høve til å debattera ei sak for å gjera gode vedtak som partiet kan einast om. I nokre parti og nokre samanhengar har demokratisk sentralisme medført, formelt eller i praksis, at partia har vorte særs sentralstyrte. Sentralleiinga i partiet har vedteke politikken, og så har resten av partiet vore bundne til å meina det same.

Dei partia som tradisjonelt har hatt vedtektsfesta demokratisk sentralisme, er kommunistparti. I Noreg gjaldt dette NKP, Akp og ungdomsorganisasjonane deira. Då Akp gjekk inn i Raudt, gjekk ikkje det nye partiet inn for demokratisk sentralisme.

Også Det norske Arbeidarpartiet har ein tradisjon for slik organisasjonspraksis i nokon mon. Fraksjonar er framleis forbodne i partivedtektene, og medlemer kan bli ekskluderte for slik verksemd eller for å gå imot partivedtak i viktige saker. I dei seinare åra har likevel dette vorte gjennomført i mindre grad i praksis.

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.