Den nordiske sjuårskrigen
(Omdirigert frå Den Nordiske Sjuårskrigen)
Den nordiske sjuårskrigen blei utkjempa frå 1563 til 1570 mellom Sverige på den eine sida og Danmark-Noreg med sine allierte i Polen og hanseatane i Lübeck på den andre. Begge partar gjekk til krig med stor entusiasme og hadde eit ønske om å bli dominerande i Norden. Sverige ønskte å opna sjøvegen, og Danmark hadde eit ønske om å gjenskapa Kalmarunionen.