Hanseatane

(Omdirigert frå Hanseat)

Hanseatar var handelsfolk som var med i Hansaen, eller Hansaforbundet. Ein hanseat kom gjerne frå ein hansaby, og dreiv med handel. Ein kunne gjerne verta utstasjonert på eit hanseatisk kontor, til dømes på Bryggen i Bergen.

Ein hanseat frå Danzig måla på arbeidsplassen i London (1532)

Etter hansatida blei omgrepet nytta om overklassen i dei tre hansabyane Hamburg, Bremen og Lübeck, og i dag kan omgrepet visa til alle innbyggjarar i desse historiske hansabyane.

I hansatida endre

Menn som var sende ut til dei ulike hansabyane hadde pålegg om å halde seg unna vertssamfunnet, og fekk ikkje gifta seg med lokale kvinner eller arbeida i lag med lokale folk. Dei hadde sine eigne kyrkjesamfunn. Likevel hadde dei sosial omgang med lokalbefolkninga, gjerne ved festlege høve.[1]

Seinare endre

 
Johann Hinrich Gossler (1738–1790), innehavar av handelshuset Joh. Berenberg & Gossler.

Frå midten av 1600-talet, etter hansatida, viste «hanseat» til medlem av overklassen av dei tre hansabyane Hamburg, Bremen og Lübeck. I dag kan omgrepet også brukast om alle innbyggjarar i dei historiske hansabyane.

Hansasamfunnet (Hanseatische Gemeinschaft) blei danna som ein allianse mellom Hamburg, Bremen og Lübeck mellom 1630 og 1650.[2] Det vidareførte hansatradisjonen, og medlemmene nytta frå midten av 1800-talet omgrepet «Hansestadt» i tillegg til «Freie Stadt» som namn på bystatane sine. Hanseatismen i gammal stil, som bygde på privilegium for overklassen, tok slutt i 1918 då det tyske riket fall og det blei innført allmenn stemmerett i dei tre hansabyane.

Kjelder endre

  1. Skjekkeland, Martin (22. august 2023). «dialekter i Bergen». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. Gerhard Ahrens: Hanseatisch. I: Schmidt-Römhild: Lübeck-Lexikon. 2006 unter Hinweis auf: Rainer Postel: Hanseaten. Zur politischen Kultur Hamburgs, Bremens und Lübecks. I: Der Bürger im Staat. 34, 1984, S. 153–158.
  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.