Den Store Danske Encyklopædi

Den Store Danske Encyklopædi (SDE, Nationalencyklopædien) er eit dansk leksikon på 21 bind. Det inneheld om lag 115 000 artiklar. Det fyrste bindet kom i 1994, og det 20. kom i 2001.[1] I tillegg er det gjeve ut eit supplementsbind frå desember 2002 (21. bind) og i desember 2003 kom to indeksbind ut til verket. Meir enn 3 000 sakkunnige har medverka under leiing av professor i dansk språk Jørn Lund. Leksikonet vart òg gjeve ut i elektronisk form (CD-ROM) frå 2004. Det digitale leksikonet hadde i 2017 meir enn 194 000 artiklar.[2]

Den Store Danske Encyklopædi


Trykt utgåve av Den Store Danske Encyklopædi Sjå dette på Wikidata
Skipa1994
LandDanmark
Produktleksikon
Nettstadhttps://denstoredanske.lex.dk/ (dansk)

SDE vart gjeve ut omtrent samstundes med den svenske Nationalencyklopedin og den tredje utgåva av Store norske leksikon. I alle tre landa hadde ein samstundes ein offentleg debatt om behovet og rammene for eit nasjonalt standardleksikon, og dei tre verka har observert rolleforståinga til kvarandre og einkvar sine redaksjonelle prinsipp. SDE har fått omfattande støtte både til sitt papirbaserte leksikon og nettutgåva si frå Augustinus Fonden.

Internettleksikon endre

Den 26. februar 2009 lanserte det danske Gyldendal-forlaget nettleksikonet Den Store Danske, ein digital versjon av dei trykte versjonane som vart gjevne ut i 20 bind frå 1994 til 2001. Nettleksikonet vart ope og tilgjengeleg for alle og inntektene skulle dekkjast igjennom annonsesal.[1][2] I fleire år sleit Gyldendal med å dekka kostnadane nettleksikonet medførte.[3] I august 2017 vedtok Gyldendal å leggja ned nettleksikonet som fylgje av manglande inntekter.[4] Innhaldet var framleis tilgjengeleg på nettet, men vart ståande utan oppdateringar fram til 2020.[5]

Frå 25. mai 2020 vart leksikonet halde ved like av foreininga lex.dk,[1] med medlemer som danske universitet, Gads Forlag, Det Danske Språk- og Litteraturselskab og Gyldendal.[6] Leksikonet vart relansert under nettadressa Lex.dk.[5] Oppdateringa av artiklar er i dag finansiert av den danske staten.[1]

Rettar endre

Dei originale artiklane frå Den Store Danske Encyclopædi kan ein lesa gratis, men dei kan ikkje distribuerast eller brukast kommersielt.[7]

I dei nye artiklane, som er laga av brukarane, kan forfattaren sjølv velja mellom lisensane 'avgrensa gjenbruk' og 'fri lisens' (CC BY-SA 3.0).[7][8]

Den Store Danske er verna under dansk lov om opphavsrett og høyrer til Gyldendal.[9] Retten til å nytta innhaldet digitalt høyrer til den danske staten.[10]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Lund, Jørn. «Den Store Danske Encyklopædi i Den Store Danske» (på dansk). Henta 6. januar 2020. 
  2. 2,0 2,1 Guttu, Tor; Bolstad, Erik (10. januar 2019). «Den Store Danske Encyklopædi» – via Store norske leksikon. 
  3. «Gyldendal lukker netleksikonet Den Store Danske» (på dansk). Henta 6. januar 2020. 
  4. «Gyldendal presseservice - Leksikonet denstoredanske.dk lukkes» (på dansk). Arkivert frå originalen 25. august 2017. Henta 25. august 2017. 
  5. 5,0 5,1 Jacob Hald Pedersen. «denstoredanske.dk» (på dansk). lex.dk. Arkivert frå originalen 8. september 2020. Henta 10. september 2020. 
  6. «Den Store Danske er tilbake – med god hjelp frå SNL 🇩🇰 – Leksikonbloggen – Store norske leksikon». Henta 6. januar 2020. 
  7. 7,0 7,1 «lex.dk - Begrænset genbrug» (på dansk). Henta 6. januar 2020. 
  8. «lex.dk - Fri licens» (på dansk). Henta 6. januar 2020. 
  9. «denstoredanske.dk | lex.dk» (på dansk). Henta 6. januar 2020. 
  10. «Ofte stillede spørgsmål | lex.dk» (på dansk). Henta 6. januar 2020.