Den amerikanske revolusjonen

Den amerikanske revolusjonen, også kjend som den amerikanske frigjeringskrigen, var ein konflikt mellom amerikanske opprørsstyrkar, som ønskte sjølvstende frå Storbritannia, og britiske styrkar, som ikkje ville gje dei det. Krigen varte frå 1775-1776 til 1783, og enda med siger for opprørarane og danninga av USA, Dei amerikanske sambandsstatane.

Dei europeiske innbyggjarane i 13 små britiske koloniar på den nord-amerikanske austkysten sør for Canada var misnøgde med at dei måtte betale skattar og avgifter til den britiske staten, men utan å få rett til å velje representantar til det britiske parlamentet. Slagordet var: "No taxation without representation!"

Erklæringa endre

Opprøret vart offisielt da ein «kongress» av representantar valde av kvite mannlege kolonistar den 4. juli 1776 erklærte sjølvstende. Denne sjølvstende-erklæringa er blitt berømt fordi ho er det tidlegaste dømet på eit slags offisielt dokument som uttrykkjer delar av menneskeretts- og demokrati-tenkinga som breidde seg blant radikale menneske i Europa og Nord-Amerika på denne tida. Ho seier at det er ei sjølvinnlysande sanning at alle menneske er fødde likeverdige (retta mot adelen og monarkiet), at dei er gitt umistelege rettar av Skaparen, og blant desse er retten til liv, fridom og å søkje lykka. Ho seier vidare at når styresmakter bryt med desse rettane, har folket rett til å gjere opprør mot dei. Det er altså det som er grunngivinga for kravet om sjølvstende, derfor er det rett å tale om dette som ein revolusjon. Dei fleste av opprørarane var jo engelsk-talande britisk-ætta kvite protestantiske menn ("WASPs"), så dette var ikkje ei lausriving på etnisk eller religiøst grunnlag.

Sjuårskrigen endre

 
Raudjakker

Det tok ein sju år lang krig før kampen var vunnen. Den amerikanske revolusjonshæren var leidd av George Washington, som også blei USA sin første president. Opprørarane fekk støtte frå Storbritannia sin erkerival i internasjonal maktpolitikk, Frankrike. Dei blå uniformene deira var franske, til dømes. I Storbritannia blei det elles bruka mot opprørarane at dei tok imot støtte frå det franske monarkiet, som i motsetning til det britiske var eineveldig.

Som i alle slike situasjonar, kom mange sivile i klemme, og tusenvis av «lojalistar» måtte flykte til det britiske Canada for å unngå valdsbruk frå revolusjonære amerikanske «patriotar».

I tillegg til å vere ein krig mellom britiske raudjakker og amerikanske blåjakker (i den grad opprørarane hadde uniformer og ikkje var det som no blir kalla «ulovlege krigarar»)[treng kjelde], var dette også ein amerikansk borgarkrig, der det blei bruka mykje vald mot lojalistane, dei som ville halde på banda med Storbritannia. Mange av desse såg ikkje anna råd for å berge seg og sine enn å flykte til Canada.

Sjølvstende endre

Frå 1783 var dei 13 koloniane sjølvstendige, og i 1787 blei ei grunnlov for den nye friviljuge føderasjonen formelt vedtatt. Der er blant anna rettane til individa og forholdet mellom delstatane og den føderale regjeringa slått fast. Begge desse aspekta kom til å skape mykje strid seinare. For fulle rettar hadde berre kvite menn. Verken kvinner, afro-amerikanarar eller innfødde amerikanarar (indianarar) høyrte altså til dei menneska som så sjølvinnlysande var fødde likeverdige. Fleire av opprørsleiarane, mellom dei George Washington, var sjølve slave-eigarar. Og da 11 statar melde seg ut av unionen i 1861, viste det seg at dette ikkje var ein friviljug union likevel. Da gjekk den føderale regjeringa til krig for å halde dei på plass. Dette er den amerikanske borgarkrigen, som på dei fire åra han varte tok livet av meir enn 600.000 menneske. Det er fleire enn USA mista i andre verdskrigen.