Dike
Dike er eit ord med fleire tydingar på norsk:
- Eit dike er ein voll eller eit langstrekt byggverk av jord, morenemasser og stein som skal halde vassmassar vekk frå landareal og hindre flaum. Då ordet flaumverk er vanleg å nytte om flaumsikre vollar i Noreg, til dømes nytta av Noregs vassdrags- og energidirektorat, er ordet dike vanlegvis nytta om flaumverk og kystsikring som ligg i utlandet, særleg dei store flaumverka og kystsikringane i Nederland. Her ligg store areal særs lågt, jamvel fleire meter lågare enn havoverflata, og må såleis sikrast permanent mot havet og langsmed dei store elvane med dike i kombinasjon med store pumpeverk. Mange lange og høge dike av sand og grus, plastra med steinfyllingar, hindrar vatn frå havet eller frå elvar å flaume inn over byar og jordbruksareal.
Til å lage mellombels dike, eller til å reparere skadar på dika i flaumsituasjonar, vert det ofte nytta sekkar fylte med sand og langt i rad og rekkje, eventuelt fleire i høgda. Mellombels dike kan òg lagast av anna høveleg materiale som kan leggjast snøgt på plass i tilstrekkeleg lengd, til dømes lange strengar med grus pakka inn i plast.
- Dike er dessutan eit ofte nytta ord for gjørme eller gjørmehol, eit blautdike.
- Dike er òg eit vanleg ord for ei oppgraven grøft, som til dømes ei dreneringsgrøft langsmed eit jorde eller ei veggrøft langsmed ein veg.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger til dels på «Dike» frå Wikipedia på bokmål, den 7. februar 2008.