Biologisk orden
taksonomisk rang
(Omdirigert frå Den biologiske ordenen)
Orden (lat. ordo) er ein kategori nytta i den biologiske systematikken. Ein orden kan omfatte ein eller fleire skylde familiar, og ein eller fleire nærskylde ordenar kan samanfattast som ein klasse.
Som for andre kategoriar (med unnatak av arten) er det eit reint skjønsspørsmål kva gruppe ein vel å kalle orden. Innanfor systematikken er ein derfor no meir opptatt av slektskapen mellom organismane eller stamtre enn av kategoriar.
Vitskapelege namn for planteordenar blir danna ved at rota av namnet på typeslekta får endinga -ales, underordenar har endinga -ineae. I zoologien finst det ikkje tilsvarande reglar, sjølv om mange insektordenar sluttar på -ptera og mange virveldyrordenar på -formes.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Orden (biologi)» frå Wikipedia på bokmål, den 27. juni 2006.