Galaktiske koordinatar

(Omdirigert frå Den galaktiske nordpolen)

Galaktiske koordinatar er storleikar som gjev posisjonen til himmellekamar. I problem i samband med Mjølkevegsystemet høver det seg ofte å gje posisjonar ved galaktiske koordinatar.

Mjølkevegen med galaktisk lengd relativt til sentrum av galaksen, slik ein kunstnar ser det for seg.

Galaktisk lengd vert rekna i grader langs galaktisk ekvator. Nullpunktet var tidlegare skjeringa mellom galaktisk ekvator og himmelekvator i Ørna, men er frå 1959 gjeve ved retninga til sentrum i Mjølkevegen. Sett frå den galaktisk nordpolen er retninga motsett rørsla til klokka.

Galaktisk breidd vert målt i grader vinkelrett på galaktisk ekvator og vert rekna positiv mot den galaktiske nordpolen, og negativ mot sørpolen. Den galaktiske nordpolen ligg i Berenikes hår, medan sørpolen ligg i Bilethoggaren. Galaktisk ekvator er storsirkelen midt mellom dei galaktiske polane. Han går kring 1° nord for sentrallinja til Mjølkevegen, noko som viser at sola ligg litt nord for hovudplanet til Mjølkevegsystemet. Galaktisk ekvator heller 62° med himmelekvator, og skjer denne (frå sør mot nord) i stjernebiletet Ørna (rektascensjon 18 timar 44,0 minutter) og (frå nord mot sør) i Orion.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre