Hellenisme er ein kultur som oppstod i riket Aleksander den store samla frå år 330 f.Kr. Kulturen kombinerte greske og orientalske element, og skapte eit intellektuelt klima dominert av gresk språk, litteratur, vitskap og filosofi.

Gjennom hellenismen voks det fram ei forståing av at verda var felles eigedom for menneska i den sivilserte verda. Men økonomien var tufta på slaveri, og berre grekarar og dei som hadde følgje gresk sed og skikk hadde administrativ makt i samfunnet. Gjenom den hellenistiske kulturen vart det grunnlagt eller attreist byar med tiltalande, opne strukturar. Byane hadde ein marknadsplass omgjeven av lovbygningar, tempel, eit teater og ein idrettsplass. Fremst blant dei nye byane stod Alexandria.

Kjelder endre