Den internasjonale jentedagen
Den internasjonale jentedagen er ein SN-dag som blir markert den 11. oktober for å setja situasjonen til jenter, spesielt i fattige land, på dagsordenen. Merkedagen blei innført i 2011 av Generalforsamlinga til SN. Den fyrste markeringa var 11. oktober 2012.
Markeringa blei innført etter initiativ frå Plan International og kampanjen «Because I am a girl». Canada var formell forslagsstillar bak resolusjonen som blei fremma for Generalforsamlinga.
Markeringa av dagen skal støtta fleire moglegheiter for jenter og auka merksemd om kjønnsforskjellar som gjer at jenter fleire stader i verda får færre moglegheiter på grunn av kjønnet sitt. Ulikskapen kan visa seg innan område som tilgang på utdanning, næring, juridiske rettar, helsetenester og vern mot diskriminering, vald og tvangsekteskap.[1]
Sjå òg
endre
Kjelder
endre- ↑ «As Malala Recovers, U.N. Marks International Day of the Girl Child». Los Angeles Times. 11 October 2012. Henta 11 October 2016.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Den internasjonale jentedagen» frå Wikipedia på bokmål, den 27. februar 2022.
- Delar av denne artikkelen bygger på «International Day of the Girl Child» frå Wikipedia på engelsk, den 12. mars 2022.
- UN (2015). «International Day of the Girl Child October 11». Department of Public Information, UN. Henta 25 August 2016.
Bakgrunnsstoff
endre- Care International Day of Girls 2020 information
- Plan International Day of Girls information
- Day of Girls. Nettstad i Australia.