Hinamatsuri

Japansk høgtid som vert feira den 3. mars. Også kjend som «jentedagen» eller «ferskenblomfesten».

Hinamatsuri (japansk 雛祭り hina-matsuri eller hina-no-sekku), også kjend som «jentedagen» eller «ferskenblomfesten» (momo-no-sekku), er ei japansk høgtid som finn stad den 3. mars.[1] Under høgtida set ein opp trappehyller dekte av eit raudt teppe og stiller opp dokker av ulik rang på dei i klede frå Heiantida. Høgtida er knytt til vern og framtidsbøner for barn, særleg jenter.

Hinamatsuriutstilling i fire nivå.
'Dokkefestivalen i ein militærheim' av Katsukawa Shuncho frå slutten av 1700-talet.

Soge endre

Dokkefestivalen har røter til fleire eldre høgtider. Nagashibina eller joushi no sekku er ein japansk skikk der ein sender papirdokker avgarde på elver. Dokkene er meinte å frakta vekk vonde ånder. Denne høgtida har røter til ein gammal kinesisk tradisjon kalla taqing, og kom til Japan under Heiantida (794-1191).

Ein annan japansk tradisjon var å laga tøydokker når eit barn var fødd. Dokkene skulle ta til seg all ulukke og sjukdom som kunne råka barnet. Ei tid sende ein også slike tøydokker med elva, men på Muromachitida (1338-1573) var det blitt vanleg å behalda dei innandørs som dekorasjon.

 
Keisarinne Kojun og prinsesser under hinamatsuri ca. 1940.

I 1629 blei det halden ein stor keisarleg hinamatsuri-fest i keisarpalasset i Kyoto. Dette blei ei årviss hending under Edotida. Den faste utstillinga av dokker på trappetrinn voks fram i denne tida, og høgtida endra seg frå å omfatta alle kvinner til å retta seg særskild mot jenter. Medan den offisielle feiringa tok slutt etter Meijirestaurasjonen, fortsette ho i japanske heimar.[2] Den første hinamatsuri-feiringa til ein jentebaby blir kalla hatsuzekku og blir feira med ønske om frisk vokster.[3]

Dekorasjonar endre

 
To japanske jenter med hinamatsuri-utstillingar. På kvar side står tsurushibina-uroar.

Under høgtida pynter ein med ferskenblomar og dokker oppstilte på trappetrinn dekte med eit lukkebringande raudt teppe.

Det blir også hengd opp uroar kalla tsurushibina. Desse har små dinglande figurar laga av gamle kimonoar.[4]

Dokkene endre

Dokkene som blir brukte under hinamatsuri blir kalla hina-ningyo. Dei fleste tradisjonelle japanske familiar med jentungar har hinamatsuri-dokkesett, ofte nedarva gjennom generasjonar. Storleiken på setta varierer, frå eit enkelt keisarpar til dokker og utstyr nok til å fylla mange trinn.[5] Dokkene blir pakka vekk kort tid etter høgtida ettersom det ikkje blir rekna lukkebringande å ha dei ute etter 4. mars.

 
Stor dokkeutstilling i Konosu.

Dokkene er ordna på trappetrinn slik at dei to som førestiller keisaren og keisarinna står øvst, som regel framfor gullfarga skjermbrett. Lampar og lanterner kan stå kvar side av paret, og vasar med ferskentregreiner imellom.

På neste trinn står hoffdamer, ofte tre dokker, som held sake og utstyr til å servera det. Dei kan vera omgjevne av runde bord med søtsaker på.

På det tredje trinnet står fem musikarar med instrument: Lita tromme (taiko), stor tromme (otsuzumi), handtromme (kotsuzumi), fløyte (fue eller yokobue) og ein songar med ei handvifte.

På dei neste trinna står ulike figurar, som samuraiar, og utstyr, som møblar, vogner, tre og liknande. Ofte finn ein ministrar ytst til høgre og venstre på det fjerde trinnet.

 
Hina arare.

Mat og drikke endre

Visse typar mat og drikker er knytt til høgtida:[3]

  • Søt, alkoholfri sake kalla amazake
  • Ein spesiell type sushi kalla chirashi
  • Skjellsuppa ushiojiru nokre stader, knytt til tradisjonell skjellsanking rundt høgtida
  • Den fargerike riskaka hinshimochi
  • Hina arare, puffa ris dekt med sukker og farga, typisk rosa, kvitt og grønt.

Sjå òg endre

  • Golu, ei sørindisk dokkehøgtid

Kjelder endre

  1. Sosnoski, Daniel (1996). Introduction to Japanese culture. Tuttle Publishing. s. 10. ISBN 0804820562. 
  2. Seasonal Calendar of March, bite JAPAN, March 30th, 2007 
  3. 3,0 3,1 "Hinamatsuri"(Doll festival), jpn-miyabi.com 
  4. TSURUSHI-BINA decoration, tokyogiftservice.com [daud lenkje]
  5. Varadaraja Raman (2005), Variety in Religion and Science: Daily Reflections, iUniverse 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hinamatsuri