Den internasjonale tryggingskonferansen

Den internasjonale tryggingskonferansen (MSC: Munich Security Conference; SiKo: Münchner Sicherheitskonferenz) er eit større arrangement som vert halde kvart år i den bayerske hovudstaden München, på Hotel Bayerischer Hof. Deltakarane på konferansen inkluderer statsleiarar, diplomatar, offiserar, tryggingsekspertar og offentlege personar frå heile verda.

Den internasjonale tryggingskonferansen

TypeGemeinnützige GmbH
Skipa1963
HovudkontorMünchen
MottoFrieden durch Dialog, Խաղաղություն երկխոսության միջոցով
Nettstadhttps://securityconference.org/ Sjå dette på Wikidata
Hotel Bayerischer Hof der konferansen vert halden.

På konferansen vert diskusjonar om aktuelle tryggleiks- og forsvarspolitiske tema tekne opp. Før kvar konferanse vert det gjeve ut ein rapport – Munich Security Report – som legg grunnlaget for diskusjonane under konferansen.[1]

Konferansen vart grunnlagd i 1963 av Ewald-Heinrich von Kleist-Schmenzin.[2] Han vert støtta av den tyske regjeringa, det tyske forsvar, München kommune og Europakommisjonen. I tillegg tek fleire private verksemder del i finansieringa av konferansen.[3]

Sidan 2009 har ein delt ut Ewald von Kleist-prisen under konferansen.

Kjelder

endre
  1. «Munich Security Report 2020». securityconference.org (på tysk). Henta 13. februar 2020. 
  2. «Geschichte - Munich Security Conference». www.securityconference.de. Henta 18. februar 2017. 
  3. «Unterstützer der MSC - Munich Security Conference». www.securityconference.de. Henta 14. februar 2016. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Den internasjonale tryggingskonferansen