Den jødiske diasporaen

Den jødiske diasporaen er fortrenginga av det jødiske folket under Babylonia og Det romerske keisarriket. Dei spreidde seg seinare rundt i verda grunna forfølging eller konvertering. Det er vanleg å rekne at diasporaen har byrja med hærtakinga av dei gamle jødiske kongerika og utdriving av jødefolket i det åttande til det sjette hundreåret før vår tidsrekning. Ei rekkje jødiske samfunn vart etablerte i Midtausten som ei følgje av tolerant politikk, og vart verande viktige senter for Toraliv og jødedom i hundreåra frametter. Nederlaget i Det store jødiske opprøret i år 70 og opprøret til Bar Kokhba i 135 mot Den romerske keisarriket gjorde sitt til at fleire spreidde seg over større geografiske område, då mange jødar vart spreidde etter å ha mista landet sitt, Judea, eller vart selde som slavar over heile keisarriket. Uttrykket diasporaen vert no brukt om jødefolket som ikkje er busette i Israel.

Kjelder endre