Den katalanske nasjonaldagen
Den katalanske nasjonaldagen vert i Catalonia feira den 11. september, til minne omleiringa av Barcelona i 1714, som innbyggjarane tapte under den spanske arvefølgjekrigen. Som straff for at dei hadde støtta den habsburgske erkehertug Karl om trona til Spania, vart institusjonar og landområde i Krona Aragon avskaffa av det sigrande Bourbon-monarkiet.
I 1980 erklærte det nye sjølvstendige styret i Catalonia 11. september som den katalanske nasjonaldagen.
Organisasjonar og politiske parti legg tradisjonelt ned blomar ved monumenta til Rafael Casanova og general Moragues for kampane deira mot Bourbon-armeen.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «National Day of Catalonia» frå Wikipedia på engelsk, den 27. mai 2011.