Omleiringa av Barcelona

Denne artikkelen handlar om omleiringa i 1714. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Omleiringa av Barcelona (fleirtyding).

Omleiringa av Barcelona var eit slag mot slutten av den spanske arvefølgjekrigen (1701-1714) der erkehertug Karl av Austerrike (støtta av Storbritannia og Nederland kjempa mot Filip V av Spania, støtta av Frankrike, kjemp om den spanske krona.

Omleiringa av Barcelona
Del av den spanske arvefølgjekrigen

11. september 1774: det siste stadiet i omleiringa av Barcelona. Dei katalanske forsvararane går til åtak på den fransk-spanske armeen til kong Filip V.
Dato 25. juli 1713 – 11. september 1714
Stad Barcelona i Fyrstedømet Catalonia i Spania
Resultat Avgjerande siger for Filip V av Spania
Partar
Flagget til Spania Spania lojale til Filip V av Spania
 Frankrike[1]
Spania lojale til erkehertug Karl
Fyrstedømet Catalonia
Kommandantar
Hertugen av Berwick Antoni de Villarroel
Styrkar
40 000 soldatar
80 kanonar
20 haubitsar
2 000 soldatar
4 700 militssoldatar frå Coronela
Noko artilleri
Tap
14 000 døde eller skadde 7 000 døde eller skadde
Den spanske arvefølgjekrigen
Flamske og rhinske felttog
Friedlingen – Kehl – Ekeren – Höchstädt – Speyerbach – Schellenberg – Blenheim – Elixheim – Ramillies – Stollhofen – Oudenarde – Beachy Head – Lizard Point – Wijnendale – Lille – Malplaquet – Bouchain – Denain

Italienske felttog
Carpi – Chiari – Cremona – Luzzara – Cassano – Nice – Calcinato – Torino – Castiglione – Toulon – Gaeta – Cesana – Campo Maior – Siracusa
Spanske og portugisiske felttog

Cádiz – Vigobukta – Cap de la Roque – Gibraltar – Ceuta – Málaga – Cabritaneset – Montjuïc – 1. Barcelona – Badajoz – 2. Barcelona – Santa Cruz de Tenerife – Almansa – Xàtiva – Ciudad Rodrigo – Tortosa – Menorca – La Gudina – Almenar – Saragossa – Brihuega – Villaviciosa – 3. Barcelona

Opptakt endre

I den første delen av krigen hadde Barcelona falle til styrkane til erkehertug Karl. Flåten hans ankra opp i hamna den 22. august 1705 og soldatane kringsette byen. Desse soldatane tok seinare festninga Montjuïc og nytta denne til å bombardere byen til han overgav seg 9. oktober same året.

Slaget endre

Sjølv om det nyleg slåtte katalanske hoffet då støtta erkehertugen mot Filip V, var ikkje dei fransk-spanske styrkane sterke nok til å prøve å gjenerobre byen før 1713. Den 25. juli det året var byen omkringa av styrkane frå Bourbon, men åtaket gav ikkje resultat på grunn av for lite artilleri. Bourbonane venta på 20 000 mann i forsterkingar som kom fram i april-mai 1714. Dei byrja å angripe på ny, kommandert av Hertugen av Berwick, og etter å ha gått inn i byen den 30. august, klarte til slutt Bourbon å ta byen attende den 11. september. Denne datoen vart i dag minna som nasjonaldagen til Catalonia, òg kalla La Diada.

Etterverknad endre

Krigen enda i 1714 då styrkane som støtte erkehertugen overgav seg til den fransk-spanske armeen, og dette markerte starten på ein 200 år lang periode med undertrykking av det katalanske sjølvstyret, som spegla den større sentraliseringa i dei forskjellige monarkia på det europeiske kontinentet. Då den den spanske arvefølgjekrigen var over, vart Spania i røynda frå eit samla kongedømet til eit sentralisert eitt. Forsvararane av byen vart gravlagd på same gravplass, i dag ein open plass, Fossar de les Moreres, det katalanarane samlar seg kvar 11. september.

Kjelder endre

  1. George Ripley, Charles Anderson Dana, The American Cyclopaedia, New York, 1874, p. 250, "...the standard of France was white, sprinkled with golden fleur de lis...". *[1] The original Banner of France was strewn with fleurs-de-lis. *[2]:on the reverse of this plate it says: "Le pavillon royal était véritablement le drapeau national au dix-huitième siècle...Vue du château d'arrière d'un vaisseau de guerre de haut rang portant le pavillon royal (blanc, avec les armes de France )."[3] from the 1911 Encyclopedia Britannica: "The oriflamme and the Chape de St Martin were succeeded at the end of the 16th century, when Henry III., the last of the Huset Valois, came to the throne, by the white standard powdered with fleurs-de-lis. This in turn gave place to the famous tricolour."

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Omleiringa av Barcelona